Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF HEALTH STUDIES / Further Training / PS112 Tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid  

PS112 Tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid

Kode
PS112

Namn
Tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid

Studiepoeng
30.00

Kategori
Valfri fordjuping i vidareutdanning i Psykisk helsearbeid.
Fordjupingseininga utdjupar og vidarefører emne frå del 1, fellesdelen. Psykisk helsearbeid vert sett saman av eit obligatorisk og eit valfritt emne, kvar på 30 poeng.

Tid
Haust 2005 og vår 2006

Mål for emnet

Fordjupingseininga skal føre fram til at studenten har kompetanse til å etablere relasjonar med og gi omsorg til menneske med psykiske lidingar og deira pårørande, med utgangspunkt i deira ressursar, ynskjer og behov. Relasjonsperspektivet står sentralt i forståing av den enkelte og hans/hennar omgivnader sine problem/behov og relasjonsaspektet er verkemiddel i endringsarbeidet.
Emnet skal gje studentane naudsynte kunnskapar for å kunne systematisere, dokumentere og formidle forhold som skapar psykisk helseproblem og drive fagutvikling og evalueringsarbeid. Det er høve til å fordjupe seg til ei bestemt aldersgruppe, eit problem område, ulike institusjonstypar eller etatar, eller i forhold til individuelt, gruppe eller lokalsamfunn.

Forkunnskapar

Studentane må ha gjennomført og greidd fellesdelen før dei kan starte på emne 2, fordjupingsdel.

Innhald / oppbygging

Emnet er sett saman av to undervisningsbolkar.

Bolk 1: Fagleg fundament, teori og etikk (12 studiepoeng)

  • Eige fag sine teoriar og arbeidsmetodar i psykisk helsearbeid
  • Forsking, fagutvikling, erfaringsbasert kunnskap og evaluering
  • Kartlegging og systematisering og dokumentasjon av brukar/klient/pasient/familie sine behov
  • Individuell plan
  • Ulike alternativ for intervensjon; val og grunngjeving
  • Individorientering – gruppeorientering
  • Samtale; uformelle og planlagde samtaler
  • Eigenutvikling og relasjonskompetanse gjennom veiledning
  • Eiga yrkesrolle i tverrfagleg samarbeid; medikamentell behandling, ernæringsproblem, rusproblematikk
  • Etiske dilemma knytt til utøving av psykisk helsearbeid
  • Rus og psykiatri

Bolk 2: Utvikling og utøving av relasjonskompetanse (18 studiepoeng)

  • Psykisk helsearbeid i og utanfor institusjon; ulike krav til relasjonskompetanse
  • Metodiske tilnærmingar i psykisk helsearbeid: miljøterapi, familiearbeid, familieterapi, nettverksarbeid, kreative og uttrykksorienterte metodar, bevegelse- og kroppsorientering, individualterapi, gruppeterapi
  • Etablering, vedlikehald og avslutting av bærande relasjonar
  • Eigenutvikling og utvikling av relasjonskompetanse i høve til individ, gruppe, nettverk
  • Nærleik og avstand/etisk haldning
  • Problemløysande arbeid; identifisere behov, sette i verk og evaluere tiltak i samhandling med brukar i praksis
Undervisnings- og læringsformer

Læring vert sett på som ein aktiv prosess med merksemd på ulike formar for kunnskap og faginnhald i møte med ulike læringsformer. Studiet tek sikte på å nytte studentane sine erfaringar gjennom aktiv studentdeltaking i undervisninga. Læring inneber at studentane er merksam på refleksjon og vurderingar av eigne erfaringar og ny kunnskap.

Utdanninga nyttar varierte arbeidsformer som førelesing, rollespel, video, læringsmappe (skriftlege oppgåver), tverrfaglege fordjupingsgrupper, fagleg veiledning individuelt og i gruppe, klinisk praksis og sjølvstudium. Tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid og fagspesifikk fordjuping i psykiatrisk sjukepleie har felles forelesingar. Fordjuping i psykososialt arbeid føregår i fordjupingsgrupper, individuell fagleg veiledning, innhald og fokus i praksis og i skriftlege arbeid.

Praksis

Studentane skal avvikle 270 timar klinisk praksis, som vert gjennomført over 9 veker med 30 timar pr. veke (15 studiepoeng). Alternative organiseringsformer kan vere aktuelle ved enkelte praksisplassar. HSF nyttar som hovudregel praksisplassar i Sogn og Fjordane. Døme er psykiatriske institusjonar (barn/ungdom/vaksne), poliklinikkar, dagavdelingar, familiekontor og kommunale psykiatritenester.

Mål med praksis er at studentane utviklar eigen kompetanse og erfaring i terapeutisk arbeid (relasjons- og samhandlingskompetanse) med menneske med psykiske lidingar. At studentane nyttar kunnskap og skaffar seg praktisk erfaring i samarbeid med andre faggrupper. Gjennom fagleg veiledning vert studentane sine eigne handlingar og holdningar utfordra. Studentane får 9 timar individuell fagleg veiledning av veiledar i praksis. Veiledar i praksis skal ha relevant 3 -årig høgskuleutdanning og –vidareutdanning og skal godkjennast av HSF.

Praksislærarar møter student og praksisplass to gangar i løpet av praksisperioden. I praksisstudiet vert studentane vurdert ut frå fastsette kriterium etter eige skjema. Praksis må vere greidd før studenten kan framstille seg for eksamen.

Arbeidskrav

Arbeidskrav må vere utført for å framstille seg for eksamen:
Bolk 1: Fagleg fundament; teori og etikk (12 studiepoeng):

-Obligatorisk deltaking i fordjupingsgruppe
-Ei skriftleg oppgåve relatert til eit etisk dilemma, inngår i læringsmappa. Omfang 13500 teikn.
-Ei oppgåve relatert til eigen yrkesidentitet i psykisk helsearbeid i møte med andre yrkesgrupper/profesjonar, inngår i læringsmappa. Omfang 13500 teikn
-Ein medstudentrespons, inngår i læringsmappa. Omfang maksimum 2700 teikn

Bolk 2: Utvikling og utøving av relasjonskompetanse (18 studiepoeng)
-Gjennomført og greidd klinisk praksis
-Obligatorisk deltaking i veiledningsgruppe og individuell fagleg veiledning
-Eit måldokument relatert til praksisperioden, inngår i læringsmappa.
-Ei skriftleg oppgåve relatert til metodisk tilnærming til brukar/klient/pasient familie, inngår i læringsmappa. Omfang 16200 teikn.
-Ei skriftleg oppgåve relatert til relasjon med brukar/klient/pasient/familie, inngår i læringsmappa. Omfang 16200 teikn.
-Ein medstudentrespons, inngår i læringsmappa. Omfang maksimum 2700 teikn

Sluttvurdering

PS 112 001 Individuell fordjupingsoppgåve. Vekting: 75%

Dette er ei større individuell oppgåve som er relatert til klinisk praksis. Tema skal godkjennast av Høgskulen. Studenten har krav på tre timar rettleiing. Oppgåvesvaret skal vere på 67 500 teikn med mellomrom +/- 10%. Høgskulen fastset innleveringsfrist og utarbeider eigne retningslinjer.

PS 112 002 Mappevurdering. Vekting: 25%.

Dersom ein student får ikkje greidd ved ein deleksamen, tek ein oppatt den aktuelle delen. Dersom ein student får resultat ikkje greidd på fordjupingsoppgåva kan oppgåva omarbeidast og leverast ved kontinueringseksamen. Dersom ein student får ikkje greidd på mappevurdering, må studenten levere ny eksamensmappe ved kontinueringseksamen.

Pensum

Pensum vert lagt fram ved studiestart