Kode
PS111
Namn
Fagspesifikk fordjuping i psykiatrisk sjukepleie
Studiepoeng
30.00
Kategori
Valfri fordjuping i vidareutdanning i psykisk helsearbeid.
Fordjupingseininga utdjupar og vidareførar emne frå del 1, fellesdelen. Vidareutdanning i Psykisk helsearbeid er sett saman av eit obligatorisk og eit valfritt emne, kvar på 30 studiepoeng.
Tid
Haust 2005 og vår 2006
Mål for emnet
Fordjupingseininga skal føre fram til at studenten har kompetanse til å etablere relasjonar med og gi omsorg til menneske med psykiske lidingar og deira pårørande, med utgangspunkt i deira ressursar, ynskjer og behov. Studenten skal kunne vurdere korleis ulike arenaer påverkar utøving av psykiatrisk sjukepleie og skal kunne intervenere på fleire nivå, i og utanfor institusjon. Emnet skal gje studentane naudsynte kunnskapar for å kunne systematisere, dokumentere og formidle forhold som skapar psykisk helseproblem og drive fagutvikling og evalueringsarbeid. Fordjupinga vil vere retta inn mot sjukepleiefaget generelt og skal utvikle sjukepleiekompetanse retta mot menneske med psykiske lidingar på ulike nivå og med ulik grad av helsesvikt.
Forkunnskapar
Studentane må ha gjennomført og greidd fellesdelen før dei kan starte på emne 2, fordjupingsdel. Ein føresetnad for fordjuping i psykiatrisk sjukepleie er i tillegg fullført 3- årig sjukepleiarutdanning.
Innhald / oppbygging
Bolk 1: Fagleg fundament, teori og etikk (12 studiepoeng)
- Omsorg og omsorgsfilosofi som basis for forståing og utøving av psykiatrisk sjukepleie
- Psykiatrisk sjukepleie sitt faglege fundament knytt til historie, forsking, fagutvikling, erfaringsbasert kunnskap og evaluering
- Kartlegging og systematisering og dokumentasjon av brukar/klient/pasient/familie sine behov
- Individuell plan
- Ulike alternativ for intervensjon; val og grunngjeving
- Individorientering – gruppeorientering
- Samtale; uformelle og planlagde samtaler
- Eigenutvikling og relasjonskompetanse gjennom veiledning
- Yrkesetiske dilemma knytt til sjukepleie innan psykisk helsearbeid
- Psykiatrisk sjukepleie i tverrfagleg samarbeid; medikamentell behandling, ernæringsproblem, rusproblematikk
- Rus og psykiatri
Bolk 2: Kompetanseutvikling og fagutvikling (18 studiepoeng)
- Psykiatrisk sjukepleie i og utanfor institusjon; få kunnskap, forståing og erfaring frå sjukepleiar sine funksjons- og arbeidsområde innanfor psykisk helsearbeid i og utanfor institusjon. Funksjonsområda relaterast til terapeutisk, koordinerande og pedagogisk verksemd over for individ, gruppe, familie og samfunn.
- Metodiske tilnærmingar i psykiatrisk sjukepleie: miljøterapi, familiearbeid, familieterapi, nettverksarbeid, kreative og uttrykksorienterte metodar, bevegelse- og kroppsorientering, individualterapi, gruppeterapi
- Etablering, vedlikehald og avslutting av bærande relasjonar
- Problemløysande arbeid; identifisere behov, igangsette og evaluere tiltak i samhandling med brukar
- Eigenutvikling og utvikling av relasjonskompetanse i høve til individ, gruppe, nettverk
- Nærleik og avstand/etisk haldning
Undervisnings- og læringsformer
Læring vert sett på som ein aktiv prosess med merksemd på ulike formar for kunnskap og faginnhald i møte med ulike læringsformer. Studiet tek sikt på å nytte studentane sine erfaringar gjennom aktiv studentdeltaking i undervisninga. Læring inneber at studentane er merksam på refleksjon og vurderingar av eigne erfaringar og ny kunnskap. Utdanninga nyttar varierte arbeidsformer som førelesing, rollespel, video, læringsmappe (skriftlege oppgåver), fordjupingsgrupper i psykiatrisk sjukepleie, fagleg veiledning individuelt og i gruppe, klinisk praksis og sjølvstudium. Fagspesifikk fordjuping i psykiatrisk sjukepleie og tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid har felles forelesingar. Sjukepleiefagleg fordjuping føregår i fordjupingsgruppene, individuell fagleg veiledning, innhald og fokus i praksis og i skriftlege arbeid.
Praksis
Studentane skal avvikle 270 timar klinisk praksis, som vert gjennomført over 9 veker med 30 timar pr. veke (15 studiepoeng). Alternative organiseringsformer kan vere aktuelle ved enkelte praksisplassar. HSF nyttar som hovudregel praksisplassar i Sogn og Fjordane. Døme er psykiatriske institusjonar (barn/ ungdom/vaksne), poliklinikkar, dagavdelinger, familiekontor og kommunale psykiatritenester.
Mål med praksis er at studentane utviklar eigen kompetanse og erfaring i terapeutisk arbeid (relasjons- og samhandlingskompetanse) med menneske med psykiske lidingar. At studentane nyttar kunnskap og skaffar seg praktisk erfaring i samarbeid med andre faggrupper. Gjennom sjukepleiefagleg veiledning vert studentane sine eigne handlingar og holdningar utfordra. Studentane får 9 timar individuell fagleg veiledning av veiledar i praksis. Veiledar i praksis skal vere autorisert sjukepleiar og ha vidareutdanning i psykiatrisk sjukepleie eller annan relevant vidareutdanning. Veiledar skal godkjennast av HSF.
Praksislærarar møter student og praksisplass to gangar i løpet av praksisperioden. I praksisstudiet vert studentane vurdert ut frå fastsette kriterium etter eige skjema. Praksis må vere greidd før studenten kan framstille seg for eksamen.
Arbeidskrav
Arbeidskrav må vere utført for å framstille seg for eksamen.
Bolk 1: Fagleg fundament; teori og etikk (12 studiepoeng):
-Obligatorisk deltaking i fordjupingsgruppe
-Ei skriftleg oppgåve relatert til eit etisk dilemma, inngår i læringsmappa. Omfang 13500 teikn
-Ei oppgåve relatert til eigen yrkesidentitet i psykisk helsearbeid i møte med andre yrkesprofesjonar, inngår i læringsmappa. Omfang 13500 teikn
-Ein medstudentrespons, inngår i læringsmappa. Omfang maksimum 2700 teikn
Bolk 2: Kompetanseutvikling og fagutvikling (18 studiepoeng)
-Gjennomført og greidd klinisk praksis
-Obligatorisk deltaking i veiledingsgruppe og individuell sjukepleiefagleg veiledning
-Eit måldokument relatert til praksisperioden, inngår i læringsmappa.
-Ei skriftleg oppgåve relatert til metodisk tilnærming til brukar/klient/pasient/ familie, inngår i læringsmappa. Omfang 16200 teikn
-Ei skriftleg oppgåve relatert til relasjon med brukar/klient/pasient/familie, inngår i læringsmappa. Omfang 16200 teikn
-Ein medstudentrespons, inngår i læringsmappa. Omfang maksimum 2700 teikn
Sluttvurdering
PS111 001 Individuell fordjupingsoppgåve, 75%
Dette er ei større individuell oppgåve som er relatert til klinisk praksis. Tema skal godkjennast av Høgskulen. Studenten har krav på tre timar rettleiing. Oppgåvesvaret skal vere på 67 500 teikn med mellomrom +/- 10%. Høgskulen fastset innleveringsfrist og utarbeider eigne retningslinjer.
PS111 002 Mappevurdering, 25%.
Dersom ein student får ikkje greidd ved ein deleksamen, tek ein oppatt den aktuelle delen. Dersom ein student får resultat ikkje greidd på fordjupingsoppgåva kan oppgåva omarbeidast og leverast ved kontinueringseksamen. Dersom ein student får ikkje greidd på mappevurdering, må studenten levere ny eksamensmappe ved kontinueringseksamen.
Pensum
Pensum vert lagt fram ved studiestart