FLEIRKULTURELL FORSTÅING MODUL 2: Språkopplæring og fagopplæring på andrespråket.
·Teoriar om språklæring
·Norsk i kontrastivt perspektiv
·Utvikling av omgrep og ordforråd
·Munnleg bruk av språket
·Grunnleggjande leseopplæring i eit tospråkleg perspektiv
·Skriveopplæring i eit tospråkleg perspektiv
·Å lese skjønnlitteratur og fagtekstar på andrespråket
·Lærebøker og nettbaserte læremiddel
·Den fleirkulturelle kvardagen i barnehage, skule og yrkesliv: Utviklingsarbeid knytt til arbeidsplass (spesialiseringsdel) som til dømes kan ta føre seg språkopplæring og morsmålet sin plass i undervisninga eller skriveopplæring i eit tospråkleg perspektiv.
Undervisninga vekslar elles mellom arbeid på Class Fronter, lokale samlingar og individuelt arbeid. Arbeidskrav skal leverast på Class Fronter.
Deler av undervisninga er obligatorisk. Kva deler dette gjeld, går fram av semesterplanen. Arbeidskrav til modul 2: Aktiv deltaking i det pedagogiske utviklingsarbeidet med rettleiing undervegs. To skriftleg innleverte individuelle oppgåver.
LI336 001 Eit pedagogisk utviklingsarbeid knytt til eigen arbeidsplass. Innleverast skriftleg som gruppeoppgåve.
Vekting: 40%
LI336 002 Mappeeksamen der det vert trekt eit av dei to individuelle arbeidskrava.
Vekting: 60%
Rettleiande liste kjem ved studiestart