Modul 1 i studiet KRL - kulturar og verdiar, 30 studiepoeng. Ein vesentleg del er felles med modul 1 i deltidsstudiet Fleirkulturell forståing.
Studiet går over to semester.
Utvikle grunnleggjande fagleg og didaktisk innsikt for lærarar, knytt til utfordringar og moglegheiter i eit fleirkulturelt samfunn. Utvikle evne til forståing og handling knytt til etiske problemstillingar og antirasistisk arbeid
·Kva er kultur?
·Identitet, språk, religion og etnisitet
·Kulturelt forma institusjonar
·Kvifor migrasjon?
·Globalisering
·Det lokale møter det globale
·Fagdidaktikk:
·KRL-didaktiske grunnlagsproblem
·Religionsfrihets- og menneskerettighetsperspektivet i KRL-faget
·Arbeidsmåtar; dialog og forteljing
·Religions- og livssynsundervisning i andre land
·Majoritet – minoritetsdynamikk:
·Segregering, assimilering og integrering
·Tverrkulturell kommunikasjon
·Etikk og haldningsskapande arbeid:
·Kva er rasisme og diskriminering?
·Religion i eit fleirkulturelt samfunn
·Media si rolle i eit fleirkulturelt samfunn
·Om fleirkulturelle møte og arenaer
·Arbeidsgivarperspektivet: Leiing og kulturmangfald
Det er fire til fem regionale samlingar til modul 1. I tillegg til regionale samlingar vil det vere arbeid på Classfronter, lokale samlingar og individuelt arbeid. Arbeidskrav skal leverast på Classfronter.
Oppmøte til samlingane er obligatorisk.
To større skriftlege innleverte gruppeoppgåver
LI340 Individuell munnleg eksamen med utgangspunkt i to skriftlege innleverte gruppeoppgåver.
Rettleiande liste kjem ved studiestart.