KRL - KULTURAR OG VERDIAR MODUL 2: Utdjuping av religions og livssynsområda
Utvikle og utdjupe kunnskap og innsikt knytt til religions- og livssynsområda i vår tid, slik at studiet gir ei reflektert haldning til eiga samtid.
Modulen er eit fordjupingsemne sett i høve til KRL 1, der kvar student vel si fordjuping i eit av emna i modulen.
Studiet vil leggje vekt på korleis religionar og livssyn ytrar seg i mangfald.
·Dei store religionane i vår tid
·Ulike hovudretningar
·Rituelle og estetiske uttrykksformer
·Heilage tekstar
·Etikk
·Kristendommen i vår tid
·Bibelfag: Forholdet mellom GT og NT, utdjupa ved GT-tekstar som er nytta i NT; Galatarbrevet og Matt. 5-7
·Kristendomshistorie: Kristendomshistorie utanfor Europa frå 1500-talet
·Truslære: Ulike kyrkjesamfunn i vår tid (val)
·Sentrale filosofar i nyare tid
·Filosofiske retningar som har prega samfunns- og livssynsdebatten etter 1850
Arbeidsformene er undervisning gjennom året og arbeid i seminar- og/eller basisgrupper. Classfronter vil ha ein viktig støttefunksjon. Arbeidskrav skal leverast på Classfronter.
Deler av undervisninga er obligatorisk. Kva for deler dette gjeld, går fram av undervisningsoversikta.
- To mindre gruppeoppgåver
- Ei individuell oppgåve knytt til fordjupingsvalet
LI341 001 Kvar student leverer revidert versjon av ei av oppgåvene som er arbeidskrav.
Vekting: 30%
LI341 002 Individuell, skriftleg eksamen.
Tid: 5 timar
Vekting: 70%
Rettleiande liste kjem ved studiestart