Obligatorisk emne 2. semester i økonomi og administrasjon.
Studentane skal bli kjende med sentrale problemstillingar og metodar i marknadsføringa. Dei skal også tileigne seg noko bransjeinnsikt ved gjennomgang/presentasjon av døme. Emnet skal vidare gje ei grunnleggjande forståing av kva faget kan brukast til, slik at studentane kan delta i løysing av enkle marknadsføringsproblem i praksis.
Omgrepsavklaringar og oversikt:
-Oppgåver i marknadsføringa
-Historisk utvikling av fagområdet
-Grunnleggjande definisjonar og omgrep -Marknads- og kundeorientering
-Marknadsføringsleiing
Sentrale tema:
-Strategisk forankring av marknadsføring
-Omgjevnader og arbeidsvilkår for marknadsføring
-Kjøpsåtferd i forbrukar- og bedriftsvaremarknader (behov, ønskje, krav og etterspurnad)
-Segmentering, marknadsanalysar og prognosar
-Verkemiddel i marknadsføring
-Planlegging, organisering og kontroll av marknadsføring
Tema som også vil kunne bli dekka:
- relasjons- og dialogmarknadsføring
- tenestemarknadsføring og servicekvalitet
- etikk, miljø og samfunnsansvar
- e-handel og global marknadsføring
Førelesingar, sjølvstudium, oppgåveløysing, gruppeøvingar, problembasert arbeid og bruk av IT. Desse arbeidsformene blir integrert i minst ei større innleveringsoppgåve.
Det skal leverast inn ei oppgåve til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på maksimum tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.
Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter. Lovlege hjelpemiddel ved eksamen: Noregs Lover, lovsamling eller særtrykk av lover. Reine rettskrivingsordlister.
Kotler, Philip og Keller, Kevin Lane: Marketing Management 12e. Prentice Hall, Upper Saddle River, New Jersey, 2006.