Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / ID3-303 BARN, UNGE OG FYSISK AKTIVITET  

ID3-303 BARN, UNGE OG FYSISK AKTIVITET

Kode
ID3-303

Namn
BARN, UNGE OG FYSISK AKTIVITET

Studiepoeng
5.00

Kategori
Valfag i ”Idrett, fysisk aktivitet og helse, 3. år bachelor”



Tid
vårsemestret

Mål for emnet

- Studentane skal tileigne seg kunnskapar om korleis fysisk aktivitet påverkar kroppen til barn og unge, samt prinsipp for formidling av kunnskap om fysisk aktivitet tilpassa barn og unge.
- Studenten skal kunne planlegge, tilrettelege, gjennomføre og evaluere fysisk aktivitet tilpassa barn og unge i eit helsefremmande og førebyggande perspektiv.

Forkunnskapar

B1 idrett eller helserelatert utdanning

Innhald / oppbygging

- Fysisk aktivitet for barn og unge i eit førebyggande folkehelse perspektiv.
- Fysisk aktivitet hjå barn og unge i relasjon til vekst og utvikling
- Kroppsøving/fysisk aktivitet i skulen.
- Fysisk aktivitet og fysisk yteevne hjå barn og unge.
- Testing av fysisk form mm hjå barn og unge.
- Studentane vil arbeide saman i grupper à tre studentar med eit tema som vil vere utgangspunktet for heimeeksamen. Elevane kan velje mellom ulike prosjekt og knyte dette om mot praksis i ein barneskule i nærleiken. Døme på prosjekt er friluftsliv, glede i rørsle, ski, vatn, dans, ballspel og testing.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil gjennomførast i form av førelesningar, gruppearbeid og studentpresentasjonar.

Arbeidskrav

Studentane må ha godkjent frammøtekravet i det som er obligatorisk.

Sluttvurdering

Vårsemester:
ID3-303 Fem dagars Heimeeksamen i samband med prosjekt. Bokstavkarakterar.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart og endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15.september og for vårsemesteret 15. februar.