Val emne i 3. år bachelor friluftsliv og bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse
Studentane skal få både praktisk og teoretisk innføring i pedagogisk arbeid med tilpassa brukargrupper. Studentane skal kunne tilpasse friluftslivsaktivitetar til brukargrupper som til dømes rusmissbrukarar, innan kriminalomsorg, ungdom med åtferdsproblem og psykisk utviklingshemma.
Fullført 1. år bachelor idrett eller tilsvarande.
Gjennom modulen skal studenten:
- Tilegne seg kunnskap om korleis legge til rette aktivitetar i friluftsliv for personar med spesielle behov og kva omsyn ein bør ta
- Tilegne seg kjennskap til friluftsliv i et helseperspektiv i forhold til brukara innan psykiatri (eks, rusmissbrukarar, kriminalomsorg og ungdom med åtferdsproblem) og psykisk utviklingshemma
- Lære om bruken av friluftsliv i nærmiljøet med fokus på vinter og vår, der leirliv, livet i skogen med naturleikeplass, og isfiske er sentralt
Førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mykje av lærestoffet skal bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Loggar vil verte brukt i samband med ekskursjonar.
Gjennomføring av et friluftslivsarrangement
- Vintertur, 3 dagar
- Basistur i skogen, 2 dagar
- Vår tur, 3 dagar
I samband med ekskursjonar må studentar ved HSF vera budd på å betala ein eigenandel. Vi syner til HSF sitt fellesreglement for dekking av bu- og reiseutgifter: www.hisf.no/studadm/reglement/bu-reiseutgifter.htm.
- Gjennomførte ekskursjonar og obligatorisk oppmøte til praktisk undervisning
- Godkjenning av turlogg
Vårsemester
ID3-308 Individuell skriftleg heimeeksamen, 7 dagar
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal vere klar innan 15. september for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret.