EN6-101 Engelsk Grammatikk

Kode
EN6-101

Namn
Engelsk Grammatikk

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk del av årsstudiet i engelsk.

Tid
Haust og vår

Mål for emnet

- gje kunnskap om språket og korleis det vert brukt og stimulera til språkglede
- øva opp funksjonell og sikker personleg språkdugleik
- lære om korleis det engelsk språket er bygd opp og læra riktig språkbruk
-øva opp sikker språkbruk

Innhald / oppbygging

Dette emnet omfattar syntaks, bøyingslære og idiomatikk. I studiet vil det bli gitt eit oversyn over engelsk grammatikk. Studiet er til dels teoretisk der ein siktar mot å setja studenten i stand til å forklara strukturar og val av ei form framom ei anna. Dels er det praktisk med mykje øvingsstoff for å øva studenten opp i sikker bruk av språket. Studiet tar utgangspunkt i at nokre deler av grammatikken viser klare avvik mellom engelsk og norsk, mens andre er nokså like. Mest arbeid vil bli lagt ned på område der skilnader oftast fører til feil. Det vil bli lagt vekt på å utvikla språkmedvit, innsikt i kva språk er og samanhengen mellom språk og kultur. Omsetjing og feilretting vil også vera ein del av kurset.

Undervisnings- og læringsformer

Dette emnet vil i hovudsak bli undervist ved hjelp av førelesningar og øvingsoppgåver. Utgangspunktet vil også vera skriftlege innleverte arbeid og feil og problem som studentane gjer i skriftleg arbeid.

Arbeidskrav

- Deltaking i undervisninga og i øvingsoppgåvene er obligatorisk.
- Innlevering av 2 skriftlege arbeid
- Deltaking i 2 prøvar på skulen utan hjelpemiddel

Sluttvurdering

Presentasjonsmappe som skal innehalda:
- 2 skriftlege arbeid 30%
- deltaking i 2 prøvar utan hjelpemiddel 70%

Pensum

Crystal, David:  Rediscover Grammar.

Kurset vil nytta ein del stensilar (evt hefte/kompendium).