Litteratur og samfunnstudium.
– gje kunnskap om og innsikt i kulturelle, sosiale, historiske og politiske tilhøve i engelsktalande land
– gje studenten gode litteraturopplevingar
- setja studenten i stand til å analysera litteratur
- læra å skriva om litteratur på ein akademisk måte
Studiet av litteratur skal gje oppleving av litterære kvalitetar. Bøker vert diskuterte på engelsk, og vil såleis gje øving både i samtale og analytisk tenking. Litteraturen er ei uvurderlig kjelde til språkleg rikdom, kulturkunnskap og menneskelege erfaringar, og vil difor vera ein viktig del av studiet. Hovudtyngda av emnet vil vera munnleg og skriftleg arbeid med tekstane, men det vil også bli gitt ei innføring i elementær litteraturteoretisk terminologi, i genrelære, og i den historiske ramma rundt tekstane. Ulike genrar vert representerte og det er viktig at litteraturutvalet i størst mogleg grad reflekterer ulikskapane både i språkleg og kulturell uttrykksmåte i dei landa som er representerte. Hovuddelen av litteraturen er frå det 20. hundreåret. Nokre tekstar er tilpassa ungdomslesing. Filmatiserte versjonar av bøker vert brukte for å setja fokus på skilnadane mellom dei to media og for å utvikla forståinga av virkemiddel.
Samfunnsstudiet vert så langt som råd er lagt opp som eit komparativt studium der ein ser tilhøva i dei ulike landa og Norge ut frå ein samfunnsvitskapleg synsvinkel og der samspelet mellom litteratur og samfunn vert understreka.
Studiet tek sikte på å skapa forståing for kulturelle særpreg, og kjennskap til dei faktorar som har forma tanke og handling i desse kulturane. Dette krev ofte eit historisk perspektiv, sjølv om hovudvekta kjem til å liggja på notidssamfunnet.
Det historiske stoffet vil dels bli organisert som temastudium, integrert med skjønnlitteratur, og dels som eigne emne. Lærebøker i samfunnskunnskap vil bli supplerte med aviser, tidsskrift og artiklar henta frå dagsaktuelle emne på Internett. Ein del av emna vil bli illustrerte ved hjelp av video.
All litteratur som er pensum vil bli diskutert og førelest om i timane. Det same gjeld tema frå samfunnskunnskap. I denne modulen må studenten vera i prosess heile året og stadig levera inn tekstar, til saman 5 tekstar i løpet av studiet, for å få feedback på språk, struktur og innhald. 2 av tekstane må vera leverte inn før jul og dei andre 3 i løpet av vårsemesteret. Studenten må samle dei ulike arbeida sine i arbeidsmappa, og skal frå denne velja dei tekstane som han/ho ynskjer å ha som presentasjonsmappe. Studentane må gjennomgå eit obligatorisk skrivekurs. Fristar for desse litteraturoppgåvene vert fastsette etter kvart, men innlevering er eit arbeidskrav og såleis obligatorisk.
- Innlevering av 5 skriftlege arbeid
- Deltaking i to skrivedagar om oppgåver frå "civilisation" på skulen utan hjelpemiddel
- Deltaking i eit skrivekurs
Presentasjonsmappe 60% , delkode 001
Den skal innehalda:
- Innleiing med eigenevaluering
- 1 kreativ tekst
- 2 litterære oppgåver
- resultat av 2 skrivedagar om litteratur eller samfunnstudier
Munnleg eksamen. 40%, delkode 002
Litteratur:
Poesikompendium
Pensum er sett opp i den rekkefølgje dei vil bli undervist
Novellekompendium
Willy Russel: Educating Rita
J. D. Salinger: Catcher in the Rye
Dickens, Charles: A Christmas Carol
Frank McCourt: Angela's Ashes
Lee, Harper: To Kill a Mockingbird
Morrison, Toni: Beloved
Potok, Chaim: My name is Asher Lev
Caryl Churchill: Cloud Nine
Lodge, David: Nice Work
Tennessee Williams: The Glass Menagerie
Film:
To filmatiserte versjonar av Shakespeare, William.: Romeo and Juliet. (drama)
d Samfunnsstudier
Torbjørn Sirevåg: American Patterns
Oakland, John.: British Civilization
Seriot, John: A short introduction to the British Empire. Kompendium
Emne:
British/Irish
General history of Britain and Ireland
The Empire and the Commonwealth
British political institutions