OR6-202 Føretaksstrategi

Kode
OR6-202

Namn
Føretaksstrategi

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne 3. semester i økonomi og administrasjon.

Tid
Haust

Mål for emnet

Etter fullført kurs skal studentane, med basis i nyare teoriar om organisasjon og strategi, vere i stand til å gjere greie for og drøfte sentrale omgrep og problemstillingar når det gjeld organisasjonars internt og eksternt retta endringsprosessar. Gjennom kurset skal studentane generelt øve opp sine evner til strategisk tenking.
Den delen som omhandlar føretaksstrategi skal gjere studentane kjende med omgrepsapparatet knytt til emneområdet, gje innsikt i den strategiske leiingsprosessen, og gje ei innføring i aktuelle strategiske val og retningar (generiske strategiar). Studentane skal få bransjeinnsikt ved gjennomgang og presentasjon av døme frå ulike bransjar/bedrifter.

Forkunnskapar

Gjennomført ORXXX eller tilsvarande grunnleggande innføring i marknadsføring og organisasjon.

Innhald / oppbygging
  • Kva er strategi?
  • Visjon, mål og forretningsidé
  • Verdiskaping
  • Konkurransefortrinn
  • Konkurranse og samarbeid
  • Intern analyse
  • Ekstern analyse
  • Ekspansjon
  • Val av strategi
  • Implementering av strategi
  • Oppfølging av strategi
Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, sjølvstudium, oppgåveløysing og gruppeøvingar.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på maksimalt tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakterar.

Pensum

Løwendahl, Bente R. og Wenstøp, Fred E.: Grunnbok i strategi. N.W. Damm & Søn, 2003.
Jakobsen, Erik W. og Lien, Lasse B.: Ekspansjon. Gyldendal Norsk Forlag 2001.