Valfritt emne 4. semester i økonomi og administrasjon.
Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å gjere greie for og drøfte sentrale omgrep og problemstillingar innan personalleiing og å sette personalarbeidet inn i ein organisasjonsmessig samanheng. Vidare skal studentane tileigne seg kunnskapar som gir føresetnader for å ta seg av personaladministrative oppgåver i ein organisasjon, på ein slik måte at ein fremmar effektivitet, trivsel og kompetanseheving.
- Introduksjon: Historisk utvikling av faget, sentrale omgrep og problemstillingar
- Strategisk personalleiing
- Personalpolitikk
- Personalplanlegging
- Verkemiddel i personalleiing: Rekruttering, læring og personalutvikling, motivasjon og belønningssystem, karriereplanlegging og -leiing, personalavvikling
- Internasjonal personalleiing
- Framtidig personalleiing
Førelesingar, sjølvstudium, oppgåveløysing, gruppeøvingar, problembasert arbeid og bruk av IT. Desse arbeidsformene blir integrert i minst ei større innleveringsoppgåve
Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på maksimalt tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.
Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter. Lovlege hjelpemiddel ved eksamen: Noregs Lover, lovsamling eller særtrykk av lover. Reine rettskrivingsordlister.
Nordhaug, Odd (2002): LMR : ledelse av menneskelige ressurser : målrettet personal- og kompetanseledelse. Universitetsforlaget, Oslo.
J. G. Nesse (2003): Personalleiing. Undervisningskompendium AØS 1/2005.