Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR6-200 ENTREPRENØRSKAP OG INNOVASJON  

OR6-200 ENTREPRENØRSKAP OG INNOVASJON

Kode
OR6-200

Namn
ENTREPRENØRSKAP OG INNOVASJON

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne 5. semester i økonomi og administrasjon.



Tid
Haust

Mål for emnet

Etter fullført emne skal studentane
- kjenne det teoretiske grunnlaget for problemstillingar innan entreprenørskap og innovasjon
- ha kjennskap til status for norsk og internasjonal forsking på området
- ha innsikt i faktorar som er avgjerande for å lukkast med utvikling av ei verksemd, både i verksemda sjølv og i omgivnadene

Forkunnskapar

Kjennskap til organisasjonsfag og føretaksstrategi som svarer til dei to første åra av bachelorgrad i økonomi og administrasjon.

Innhald / oppbygging

Vi skal ta opp ulike teoriar om entreprenørskap og innovasjon, og få fram den forskingsmessige statusen på området. Temaliste:
· Kva er entreprenørskap? Bakgrunn, definisjonar, fasar i entreprenørskap
· Hovudtrekka i entreprenørskapsforskinga
· Nyare organisasjonsteoriar og entreprenørskap
· Korleis forske på entreprenørskap? Eit muleg forskingsopplegg
· Kva er innovasjon? Omgrepsavklaring
· Moderne innovasjonsteori med vekt på nasjonale og regionale innovasjonssystem
· Døme på empiriske analysar av viktige sider ved næringsutvikling og innovasjonsaktivitet i regionane
· Problemstillingar rundt utforming av ein regional innovasjonspolitikk

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesingar, gruppearbeid og studentpresentasjonar der studentar enkeltvis eller i grupper legg fram resultat frå arbeid med ulike oppgåver eller problemstillingar

Arbeidskrav

Deltaking i minst ein presentasjon. Temaet for presentasjonen kan vere knytt til mappeoppgåva.

Sluttvurdering

Ei presentasjonsmappe og ein fire timars skriftleg skuleeksamen utgjer vurderingsgrunnlaget. Rettleiande tel mappa 40 % og skriftleg eksamen 60 %, og sensorane set ein samla karakter til slutt. To interne eller ein intern og ein ekstern sensor. Bokstavkarakter.

Mappe (40 %): Presentasjonsmappa skal innehalde eitt arbeid, utarbeidd individuelt eller i gruppe på maksimalt tre personar. Oppgåva blir tildelt av faglærar tidleg i kursperioden. Oppgåva kan ha ei teoretisk eller ei meir praktisk vinkling. Presentasjonsmappa skal leverast ved starten av skuleeksamen.
Skriftleg eksamen (60 %): Kurset fører fram til ein f Fire timars skriftleg eksamen. Det skal leggast fram ei nøyaktig litteraturliste som viser kva som kan spørjast om. Lovlege hjelpemiddel: Noregs lover, lovsamling eller særtrykk av lover og reine rettskrivingsordlister.

Pensum

· Isaksen, Arne (red.) (1997): Innovasjoner, næringsutvikling og regionalpolitikk. Høyskoleforlaget, Kristiansand
· Landström, Hans (2000): Entreprenörskapets rötter. Studentlitteratur, Lund.
· Spilling, Olav R. (red.) (1998): Entreprenørskap på norsk. Fagbokforlaget, Bergen.
· HSF-kompendium ved J.G. Nesse (2005): Innovasjon og entreprenørskap: Ei samling med ein del sentrale og klassiske artiklar, og utdrag frå bøker. HSF, Sogndal.
· Ekstra lærestoff (t.d. aktuelle artiklar eller relevante offentlege dokument) kan kome til undervegs