Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR6-201 FORRETNINGSIDE OG FORRETNINGSPLAN  

OR6-201 FORRETNINGSIDE OG FORRETNINGSPLAN

Kode
OR6-201

Namn
FORRETNINGSIDE OG FORRETNINGSPLAN

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne 5. semester i økonomi og administrasjon.

Tid
Haust

Mål for emnet

Etter fullført emne skal studentane
- ha innsikt i kva som er skilnaden på ein idé og ein forretningsidé, og kva som er gode forretningsidear
- ha god kjennskap til norsk næringspolitikk og korleis ein går fram for å starte opp ei bedrift
- gjennom praktiske øvingar ha utvikla sine kreative evner og fått djupare innsikt i kva som skal til for å starte og drive nye bedrifter
- kunne utarbeide ein solid forretningsplan og presentere han for potensielle interessentar på ein overtydande måte
- sjølve kunne vere instruktørar/kurshaldarar i emnet for organisasjonar

Forkunnskapar

Ingen spesielle, men fordel med kjennskap til bedriftsøkonomi og marknadsføring

Innhald / oppbygging

Vi legg opp til aktivitetar på tre område:

· Øvingar med ulike tema (øvingane bygger m.a. på REAL-pedagogikk – Rural Entrepreneurship through Action Learning)
· Kontakt med entreprenørar gjennom bedriftsbesøk
· Gruppearbeid: Utarbeiding og presentasjon av ein konkret forretningsplan

Øvingane og bedriftsbesøka er obligatoriske (sjå arbeidskrav nedanfor).
Forretningsplanen inngår i presentasjonsmappa for kvar student (sjå evaluering nedanfor).

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesingar, praktiske øvingar, gruppearbeid og studentpresentasjonar der studentar enkeltvis eller i grupper legg fram resultat frå arbeid med ulike oppgåver eller problemstillingar

Ekskursjonar

Ein prøver å gjennomføra to bedriftsbesøk, jf det som står om dette under Innhald.

Arbeidskrav

Frammøte og deltaking på dei praktiske øvingane og bedriftsbesøka. Aktiv deltaking i gruppepresentasjon av forretningsplanen. Kva som heilt konkret krevst i form av oppmøte og deltaking for å oppfylle arbeidskrava vil bli opplyst ved kursoppstart.

Sluttvurdering

Ei presentasjonsmappe utgjer vurderingsgrunnlaget. Presentasjonsmappa skal innehalde eit individuelt arbeid som tel 40 % og eit gruppearbeid som tel 60 %. To interne eller ein intern og ein ekstern sensor. Bokstavkarakter. Innleveringsfristane for dei to arbeida i mappa blir kunngjorde ved kursstart.
Den individuell oppgåva (40 %) skal ha ei praktisk vinkling, og blir tildelt av faglærar tidleg i kursperioden. Gruppeoppgåva (60 %) føregår ved at deltakarane i grupper med to eller tre medlemmer skal utarbeide ein forretningsplan for ei planlagt ny bedrift. Det er ikkje noko krav at deltakarane verkeleg har ein forretningsidé som dei eller nokon dei kjenner vil setje ut i livet, det kan godt vere ei tenkt bedrift.

Pensum

· Kolvereid, Lars og A. Thune Holm (2002): Gründerboken. Cappelen Akademisk Forlag, Oslo.
· Ilar, Daniel; Kubr, Thomas og Heinz Marchesi (2002): Fra idé til ny virksomhet. McKinsey & Co/ Universitetsforlaget, Oslo.
· Øvingsmateriale (t.d. Økonomi Illustrator for entreprenørar).
· Relevante offentlege dokument (opplyst ved studiestart)
· Ekstra lærestoff kan kome til undervegs, avhengig av kva verksemder/tema som blir studerte.