Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR6-205 ENTREPRENØRSKAP OG LOKALSAMFUNNSUTVIKLING  

OR6-205 ENTREPRENØRSKAP OG LOKALSAMFUNNSUTVIKLING

Kode
OR6-205

Namn
ENTREPRENØRSKAP OG LOKALSAMFUNNSUTVIKLING

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne 5. semester i økonomi og administrasjon.

Tid
Haust

Mål for emnet

Etter fullført emne skal studentane
- kjenne det teoretiske grunnlaget for problemstillingar innan lokalsamfunnsutvikling
- ha kjennskap til nyare norsk forsking på området
- ha innsikt i faktorar som er avgjerande for å lukkast med utvikling av eit lokalsamfunn, både i lokalsamfunnet sjølv og i omgivnadene
- kunne gjennomføre studiar for å kartlegge mulegheitene for utvikling i eit lokalsamfunn eller ei bygd

Forkunnskapar

Kjennskap til organisasjonsfag og føretaksstrategi som svarer til dei to første åra av bachelorgrad i økonomi og administrasjon.

Innhald / oppbygging

Vi skal ta opp ulike teoriar og nyare studiar vedrørande lokalsamfunns- og bygdeutvikling, for å få fram den forskingsmessige statusen på området. Emnet vil også innehalde ein meir praktisk retta del med ekskursjonar, bedriftsbesøk, etc. Temaliste:
· Innleiing: Introduksjon til temaet, aktuelle tendensar (t.d. det store regimeskiftet)
· Kontekst: Den ytre ramma for lokalsamfunnsutvikling (nasjonal politikk, endringane i denne, og kva konsekvensar desse endringane kan ha)
· Nyare tendensar innan regional planlegging (partnarskap, kommunikativ planlegging, interpretasjonsplanlegging)
· Regionane som utviklingsaktørar (konkrete døme på partnarskap og utviklingsnettverk)
· På skattejakt i bygde-Noreg: Ekskursjonar

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesingar, ekskursjonar, gruppearbeid og studentpresentasjonar der studentar enkeltvis eller i grupper legg fram resultat frå arbeid med ulike oppgåver eller problemstillingar.

Arbeidskrav

Deltaking i minst ein presentasjon. Temaet for presentasjonen kan vere knytt til mappeoppgåva.

Sluttvurdering

Ei presentasjonsmappe utgjer vurderingsgrunnlaget. Presentasjonsmappa skal innehalde to arbeid, eit individuelt og eitt gruppearbeid (maksimalt tre personar i kvar gruppe). Den individuelle oppgåva tel 51 %, medan gruppeoppgåva tel 49 %. To interne eller ein intern og ein ekstern sensor. Bokstavkarakter.

Pensum

· Almås, Reidar (1995): Bygdeutvikling. Samlaget, Oslo.
· Roar Amdam og Oddbjørn Bukve (red.) (2004).Det Regionalpolitiske regimeskiftet - tilfellet Noreg. Tapir akademisk, Trondheim.
· Dag Jørund Lønning (red.).(2003): Den Norske Bygda og Den Store Verda : om lokal utvikling i ei global tid. Telemarksforsking-Bø.
· HSF-kompendium (200?): Lokalsamfunnsutvikling: Utvalde artiklar. HSF, Sogndal.
· Ekstra lærestoff (t.d. aktuelle artiklar eller relevante offentlege dokument) kan kome til undervegs