OR6-203 Leiing

Kode
OR6-203

Namn
Leiing

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne 5. semester i økonomi og administrasjon.

Tid
Haust

Mål for emnet

Hovudmålet for kurset er at deltakarane skal utvikle seg gjennom å arbeide med moderne teoriar om endringsleiing, og bruke desse til å analysere ulike situasjonar og problem med relevans for leiarar i private og offentlege organisasjonar.

Målet er å gje studentane grunnlag for å utøve rolla som leiar i ein organisasjon i endring, gjennom ei teoretisk og praktisk innføring i leiaren sine oppgåver. Emnet skal øve opp evna til læring omkring eiga rolle og medverke til personleg utvikling hos den enkelte.

Det er også eit mål at studentane etter fullført kurs skal kunne vere aktive deltakarar i endringsprosessar i ein organisasjon.

Forkunnskapar

Kjennskap til organisasjonsteori og føretaksstrategi tilsvarande kursa OR6-101 og OR6-202.

Innhald / oppbygging

I første delen av kurset fokuserer ein på teoriar om leiing. Ein ser på den historiske utviklinga av leiarteoriane, samt at ein ser på leiing frå ulike perspektiv for å freiste å få ei oversikt over dei mest sentrale emna innan dette fagfeltet.

I andre delen er målet å sjå meir spesifikt på leiing av endringar. Ein arbeider med teoriar og case som gjeld endringsprosessar og læring i organisasjonar. Ein ser på korleis endringsprosessar vert påverka av endringa sitt innhald og omfang, samt innanfor kva kontekst endringa skjer.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, sjølvstudium, oppgåveløysing, gruppeøvingar, problembasert arbeid og bruk av it. Førelesingane vil tene som introduksjon til dei ulike tema. Fordjuping skal studentane få gjennom gruppearbeid og casedrøftingar. På denne måten kan studentane utvikle si forståing av organisasjonar både gjennom eigne analysar og ved å bli konfrontert med andre deltakarar sine spørsmål og tolkingar.

Arbeidskrav

Studentane skal i grupper på 2-3 personar gjennomføre ei mindre oppgåve.

Sluttvurdering

Innlevering av presentasjonsmappe same dag som skuleeksamen.
Skriftleg eksamen 5 timar.
Det blir gitt samla karakter.

Pensum

Vil bli fastlagt seinare. Døme på aktuell litteratur:

Martinsen, Øyvind L. (red.): Perspektiver på ledelse, kapittel 2-4, 6-8, 11-14. Gyldendal Akademisk Forlag, Oslo 2004
Irgens, Eirik J.: Den dynamiske organisasjon, Abstrakt Forlag, Oslo 2000
Jacobsen, Dag Ingvar: Organisasjonsendringer og endringsledelse, Fagbokforlaget, Bergen 2004

Kompendium