Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR6-300 Organisasjonsutvikling  

OR6-300 Organisasjonsutvikling

Kode
OR6-300

Namn
Organisasjonsutvikling

Studiepoeng
15.00

Kategori
Valfritt emne 6. semester i økonomi og administrasjon

Tid
Vår

Mål for emnet

Etter å ha fullført emnet skal studentane:
– Ha inngåande kjennskap til det teoretiske grunnlaget for organisasjonsutvikling (OU)
– Forstå dei sentrale komponentane i ein OU-prosess (fasar, aktørar, modellar)
– Kjenne rekkevidda av og føremålet med ulike OU-intervensjonar
– Kunne sette i verk og delta i OU-prosessar på ulike nivå i ein organisasjon (gruppe- og organisasjonsnivå)

– Ha kjennskap til dei etiske sidene ved OU-prosessar
– Kunne gjere greie for kva kompetanse OU-konsulentar

Forkunnskapar

Kjennskap til organisasjonsfag og føretaksstrategi som svarer til dei to første åra av bachelorgrad i økonomi og administrasjon. Deltakarane bør ha kjennskap til teoriar om leiing som tilsvarar emnet xxx Leiing.

Innhald / oppbygging

Emnet presenterer OU-prosessen som planlegging og implementering av intervensjonar for å skape endringar på ulike nivå i ein organisasjon. Det er derfor naturleg at emnet innheld både teoretiske og praktiske element.

I emnet vil det teoretiske grunnlaget for OU bli lagt fram, både gjennom klassiske og moderne tilnærmingar. Studentane vil bli introdusert for mange typar intervensjonar som kan nyttast for å få i stand varige endringar på individ-, gruppe- og organisasjonsnivå. Det praktiske elementet vil dessutan bli ivareteke gjennom øvingar og arbeid med case.

Hovudtema i emnet:

1.Innleiing: Sentrale omgrep, historisk utvikling av fagområdet, fasar i OU

2.Forståing av OU-prosessen: Ulike konsulentrollar, diagnoseprosessen, handtering av motstand mot forandring

3.Individet i OU-prosessen: Ferdigheiter, intervensjonsstrategiar, delegering/myndiggjering

4.Gruppenivået: Teamutviklingsintervensjonar, intergruppeintervensjonar, målsettingsprosessar

Organisasjonsnivået: Korleis skape lærande organisasjonar

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar, gruppearbeid, caseanalysar og seminararbeid

Ekskursjonar

Ein ekskursjon til ei bedrift som har arbeidd med organisasjonsutvikling vil bli søkt arrangert

Arbeidskrav

Bruk av pensumlitteratur til analyse av utdelt case – eller bruk av sjølvvald case frå studentane si side. Maksimalt 10 sider.

Sluttvurdering

Ei presentasjonsmappe og ein skriftleg skuleeksamen utgjer vurderingsgrunnlaget. Rettleiande tel mappa 40 % og skriftleg eksamen 60 %, og sensorane set ein samla karakter til slutt. To interne eller ein intern og ein ekstern sensor.

Mappe (40 %): Presentasjonsmappa skal innehalde eitt arbeid, utarbeidd individuelt eller i gruppe på maksimalt tre personar. Oppgåva blir tildelt av faglærar tidleg i kursperioden. Presentasjonsmappa skal leverast ved starten av skuleeksamen.

Skriftleg eksamen (60 %): Fire timar. Bokstavkarakter. Lovlege hjelpemiddel: Noregs lover, lovsamling eller særtrykk av lover og reine rettskrivingsordlister

Pensum

Vil bli fastlagt seinare. Døme på aktuell litteratur:

Argyris, C og D A Schön (1996): Part I An Introduction to Organizational Learning. I Organizational learning II : theory, method, and practice.Reading, Mass. : Addison-Wesley, c1996. Kap.1, 2 og 3 (64 s)
Harvey, Don & Donald R. Brown (7. utgåva, 2005):An Experiential Approach to Organization Development. Upper Saddle River, N.J.: Prentice Hall 2005. (502 s.)
Glosvik, Ø.: Om læring på ulike nivå i organisasjonar. Norsk statsvitenskaplig tidsskrift (Vol 18 117-141 Universitetsforlaget 2002). (24 s.)