Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR6-204 Offentleg styring og organisering  

OR6-204 Offentleg styring og organisering

Kode
OR6-204

Namn
Offentleg styring og organisering

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne 5. semester i økonomi og administrasjon

Tid
Haust

Mål for emnet

Kurset skal gi innsikt i dei organisasjonsformar og prosessar som legg grunnlaget for forståinga til ein kvar tid av forholdet mellom ”offentleg” og ”privat” sektor. Studentane skal bli i stand til å analysere, forstå, tolke og drøfte forholdet mellom stat og samfunn, korleis offentleg styring kjem til uttrykk og kva konsekvensar styringa har. Dei sentrale omgrepa er makt, beslutningsprosessar og organisasjonsformar.

Kurset bygger på organisasjonsteori, men og på sentrale omgrep henta frå statvitskap.

Forkunnskapar

Kurset føreset den innsikt i organisasjonsfaga ein skal ha tilegna seg i dei 2 første åra av Bachelorutdanninga i Økonomi og administrasjon.

Innhald / oppbygging
  1. Stat og politisk regime; den moderne stat. I denne bolken er vi opptatt av dei grunnleggande problemstillingane knytt til offentleg kontra privat styring: fordeling av makt, definering av innhaldet i statens makt, politiske rettigheitar.
  2. Beslutningsprosessar og politisk påverknad. Her stiller vi to typar spørsmål: Det eine har å gjere med korleis ein skal definere føremålet med offentleg politikk – forholdet mellom fordeling av gode og byrder på den eine sida og å skape orden og samhald ut av mangfald og interessemotsetnader på den andre sida. Det andre spørsmålet er korleis ein kan påverke innhaldet i politikken – korleis vert ein ”politikar”? Måten beslutningsprosessane er organiserte på definerar rettigheitar, pliktar og forventningar til deltakarane, men også dagsorden, beslutningsprosedyrar, rutinar og reglar. Samstundes blir mykje av den offentleg styringa avgjort av faktorar som ikkje står på dagsorden til ”politiske” organ ein kvar tid, som til dømes internasjonale organisasjonar Noreg har knytt seg opp mot og fagorgan av ulike typar.
  3. Organisasjonsstrukturar; fristilling. Statsmakta endrar ansikt over tid. Med utgangspunkt ein organisasjonsform bygd på prinsipp om hierarki og regelstyring går det no føre seg ein ”modernisering” av staten – ein fristilling – langs fire dimensjonar: internt i statsforvaltninga; mellom statsforvaltninga og private aktørar; i forholdet mellom sentralmakt og lokal makt; i forholdet mellom staten og frivillige organisasjonar. Stikkordet er avpolitisering, det vil seie redusering av folkevald styring og vektlegging av andre styringskriterie som til dømes lønsemd og faglegheit. Vi skal drøfte årsakene, formene og konsekvensane av desse prosessane.
  4. Politikktypar og utvalde politikkområde. Offentleg politikk kan kategoriserast på ulike måter. Til dømes kan ein skilje mellom fordelingspolitikk, omfordelingspolitikk, reguleringspolitikk og sjølvreguleringspolitikk. Slike typologiar blir nytta til å kaste lys over to motsette føresetnader: den eine at bestemte forhold i det offentlege styringsverket forklarar ulike typar politikk, den andre at politikkens innhald forklarar korleis beslutningsprosessane er organiserte. Med utgangspunkt i eitt eller fleire utvalde politikkområde skal vi gjere greie for slike teoriar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar

Arbeidskrav

Før studenten får høve til å gå opp til eksamen skal han/ho levere inn eit arbeidskrav til godkjenning. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på maksimalt tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Bokstavkarakterar.

Pensum

Pensum blir oppgitt ved kursstart.
Som døme på relevant litteratur kan nemnast:
Fimreite, Anne Lise (red.): Forskerblikk på Norge. Tano-Aschehoug.
Grønlie, Tore og Per Selle: Ein stat? Fristillingas fire ansikt. Samlaget.
Olsen, Johan P.: Statsstyre og institusjonsutforming. Universitetsforlaget.
Østerud, Øyvind: Statsvitenskap. Universitetsforlaget.

Tittel:

Organisasjonsteori for offentlig sektor : instrument, kultur, myte / Tom Christensen ... [et al.].

Forf./red.:

Christensen, Tom

Lægreid, Per

Roness, Paul G.

Røvik, Kjell Arne

Trykt:

Oslo : Universitetsforl., 2004.

Sidetall:

212 s.

Noter:

Øvrige forfattere: Per Lægreid, Paul G. Roness, Kjell Arne Røvik.

Eventuelt kan det bli laga eit kompendium