Valfritt emne i det 5. semesteret i økonomi og administrasjon
Studentane skal bli betre i stand til å forstå økonomistyring ved å sjå på likskapar og ulikskapar mellom offentlege og private organisasjonar. Dette vil bli ivareteke ved at studentane må gå relativt nøye inn på eksempel frå både private og offentlege organisasjonar. Gjennom desse eksempla er målet at studentane skal forstå kvifor lønsemdsfokuset er sentralt i private organisasjonar, medan det finansielle fokuset er meir sentralt i offentlege organisasjonar.
Kurset tek utgangspunkt i at studentane har avslutta minst fire semester i økonomi og administrasjon, og at dei no er i det 5. semesteret med nokolunde normal studieprogresjon bak seg.
Kurset er delt inn i tre delar. I del 1 diskuterer vi økonomistyring generelt og kjem mellom anna inn på kva ulike målsetjingar i privat og offentleg sektor har å seia for styringssystema. I del 2 tek vi opp økonomistyring i offentleg sektor gjennom å gå nærare inn på budsjettering og rekneskap i stat og kommunar. Dessutan vil studentane få ei innføring i kameralrekneskap i denne delen av kurset. Kurset vil bli avrunda i del 3 med gjennomgang av ein artikkel om budsjettering i teori og praksis og oppgåvegjennomgang frå delar av pensumet.
For å styra ein organisasjon (offentleg eller privat) er det behov for å trekkja på kunnskap frå fleire fagområde. Kurset vil difor vera tverrfagleg og byggja på følgjande fagområde: rekneskap, budsjettering, investering, finansiering og organisasjonsfag. Hovudinnhaldet i kurset vil likevel springa ut frå rekneskap og budsjettering.
Kurset vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori og problem i tilknyting til denne. Problema – eller oppgåvene – vil, forutan rekneoppgåver som fører fram til eitt svar med to strekar under, også vera diskusjonsoppgåver der fleire svar kan aksepterast. I ein del av den planlagde undervisningstida er det meininga at studentane skal få høve til å arbeida med praktiske eksempel (case) og oppgåver som deretter vert kommenterte av faglærar i plenum. For nokre av oppgåvene kan det bli aktuelt at studentane sjølve presenterer eit famlegg til løysing, anten enkeltvis eller i grupper. Det er og meininga å få til minst ei gjesteførelesing frå ein offentleg organisasjon.
Det kan koma på tale med ein dagsekskursjon til ein offentleg organisasjon.
Om lag halvveges i kurset vil studentane få utlevert eit oppgåvesett til innlevering. Innleveringa er obligatorisk, og studentane skal svara anten individuelt eller i grupper på maksimum tre personar. Godkjenning av det skriftlege arbeidet er ein føresetnad for å kunna gå opp til avsluttande eksamen. Innleveringa gjeld såleis som arbeidskrav.
Skriftleg eksamen på 6 timar. Bokstavkarakter.
Pensum vert oppgjeve ved kursstart. Som døme på aktuell litteratur, kan nemnast:
Lærebøker:
1) Busch, T., Johnsen, E. og Vanebo, J. O., 2002, Økonomistyring i det offentlige, 3. utgave (ØSO). Oslo: Universitetsforlaget.
2) Christensen, Tom, m.fl., 2004, Organisasjonsteori for offentlig sektor,(ORG). Oslo: Universitetsforlaget.
(Tidsskriftartiklar og utdrag frå bøker):
1) Monsen, N., Ulike bokføringsmetoder (NM). NHH, 2004 (vert trykt opp som kompendium).
2) Høgheim, S. og Grønhaug, K., Ideal og realitetar i budsjettering: Ei samanlikning mellom normativ teori og observert åtferd. Tidsskrift for samfunnsforskning, nr. 2 1997.