Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / SØ6-100 SAMFUNNSØKONOMI (MAKRO)  

SØ6-100 SAMFUNNSØKONOMI (MAKRO)

Kode
SØ6-100

Namn
SAMFUNNSØKONOMI (MAKRO)

Studiepoeng
5.00

Kategori
Obligatorisk emne 2. semester i økonomi og administrasjon/økonomi og informasjonsbehandling/turisme og reiseliv.

Tid
Vår

Mål for emnet

Studentane skal forstå årsaka til og verknadene av konjunktursvingingar på kort sikt, mellom anna korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader og kan påverke det generelle økonomiske aktivitetsnivået i landet. Dei skal også ved hjelp av makroøkonomiske modellar kunne vise korleis styresmaktene kan påverke det økonomiske aktivitetsnivået. Studentane skal ha kjennskap til korleis ulike valutakursregime verkar.

Føremålet med emnet er å gjere studentane betre i stand til å følgje med i media og diskusjonar om landets generelle økonomiske utvikling og kva denne utviklinga har å seie for den enkelte bedrift.

Forkunnskapar

Kunnskap tilsvarande grunnleggjande matematikk (MEM1).

Innhald / oppbygging

Faglege element som skal dekkast:

Dekkast grundig:
- Nasjonalrekneskap
- Etterspørsel og tilbod på makronivå
- Multiplikatormodell med variablane:
- Samla aktivitetsnivå
- Makro privat konsum
- Makro private realinvesteringar
- Offentlege utgifter og skattar
- Handel med utlandet
- Kapitalrørsler
- Valutamarknaden
- Makroøkonomisk stabiliseringspolitikk

Orientering om:
- Makroøkonomiske målsettingar og verkemidlar
- Typar av arbeidsløyse
- Renteparitet
- Inflasjon
- Økonomisk vekst
- Internasjonal fordeling

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver. Studentane skal også få oppgåver som gjev trening i å søkje etter samfunnsøkonomiske nøkkeltal på vevsidene til Noregs Bank, Finansdepartementet, SSB, etc. Desse søka skal nyttast som numeriske illustrasjonar av modellane. Det er ønskeleg at studenten, anten aleine eller i samarbeid med andre, leverer eit paper som omtalar ei aktuell økonomisk problemstilling.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på max. tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen. 4 timar. Bokstavkarakterar.

Pensum

Blir oppgitt ved studiestart.