Obligatorisk emne 3. semester i bachelorgradstudium økonomi og administrasjon.
I statistikkdelen er det eit mål å formidle kunnskap om bruk av statistiske metodar for analyse av eit talmateriale. Studentane skal kjenne til enkle former for regresjonsanalyse, og dei skal vere i stand til å formulere hypoteser, gjennomføre ulike testar og tolke resultata.
I metodedelen skal studentane tileigne seg grunnprinsippa innan tradisjonell forskingsmetode knytt til økonomisk-administrative problem. Emnet skal gjere studentane i stand til å gjennomføre enkle undersøkingar og skrive prosjektoppgåve under rettleiing.
I statistikkdelen kjem vi til å behandle både analytisk og beskrivande statistikk. Rekneark eller programmérbar kalkulator vil vere eit nødvendig hjelpemiddel.
Metodedelen blir inndelt i ulike emne. Aktuelle tema kan t.d. vere val av datainnsamlingsmetode, ulike måtar for utveljing av respondentar, forskingsdesign, innføring i enkel vitskapsteori, innføring i generelle krav til rapportskriving som skal oppfylle generelle krav til vitskapleg arbeid, og dataanalyse av både kvantitative og kvalitative data.
Førelesingar og oppgåveløysing.
Det skal leverast inn ei oppgåve til godkjenning. Individuell eller grupper på maksimum 3 studentar.
Skriftleg eksamen 5 timar.
Pensum blir oppgjeve ved kursstart.