Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / FP330 900 FAGLEG PEDAGOGISK STUDIUM I SAMFUNNSFAG, DELTID. Rammeplan av 1995/2000  

FP330 900 FAGLEG PEDAGOGISK STUDIUM I SAMFUNNSFAG, DELTID. Rammeplan av 1995/2000

Kode
FP330 900

Namn
FAGLEG PEDAGOGISK STUDIUM I SAMFUNNSFAG, DELTID. Rammeplan av 1995/2000

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk fag i den 4-årige desentraliserte førskulelærarutdanninga

Tid
4. studieår, haustsemester

Mål for emnet

Det er eit overordna mål for faget å utvikle ei samfunnsfagleg innsikt og evne til å vurdere barnehagen si verksemd i ein samfunnsfagleg samanheng.

Innhald / oppbygging

Fokus på å analysere og forklare korleis dei sosiale systema vert danna, haldne ved like og endra i samfunnet. Vi ser på førskule-læraryrket i eit heilskapleg perspektiv i høve til barnehage, skule- og oppvekstmiljø.

Studiet er sett saman av fire hovudemne:
– Samfunns- og kulturanalyse
– Oppvekst i samfunnsfagleg perspektiv
– Barnehagen som samfunnsinstitusjon
– Barnehagen som organisasjon.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, diskusjonar, føredrag, debattinnlegg av studentane og gruppearbeid/pbl-arbeid. Studiet skal fremje samarbeidsevne, evne til å akseptere andre sitt verdisyn og evne til å vere kritisk til eigne standpunkt.

Praksis

Sjå eigen praksisplan for 3-årig førskulelærarutdanning.

Arbeidskrav

aktiv deltaking i prosessen med eksamensprosjektet
– munnleg framlegg av eit dagsaktuelt tema
– praksis, praksisførebuing og etterarbeid
– obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva del dette gjeld skal gå fram av semesterplanen.

Sluttvurdering

Haustsemester:
a) FP330 931 Rapport frå prosjektarbeid og munnlegg framlegging av prosjektet, gruppe
Eksamenstid: 4 veker
Vekting: 40 %

b) FP330 932 Individuell, skrifteleg eksamen
Eksamenstid: 5 timar
Vekting: 60 %