Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / ID371A IDRETTSFAGLEG BASIS 1  

ID371A IDRETTSFAGLEG BASIS 1

Kode
ID371A

Namn
IDRETTSFAGLEG BASIS 1

Studiepoeng
5.00

Kategori
Obligatorisk emne i Trenarutdanning 30 sp

Tid
Samling sommaren 2005



Mål for emnet

Etter avslutta emne skal studentane vere i stand til analysere treningsfaglege problemstillingar med utgangspunkt i grunnleggande kunnskap om fysiologi og treningslære.

Studentane blir aktivt stimulert til å anvende denne grunnleggande kunnskapen når dei skal forklare prinsipp i treningslæra og metodar som vert brukt i uthaldstrening av idrettane. Treningslæra er interessant og meiningsfylt først når ein forstår dei grunnleggande anatomiske og fysiologiske mekanismane som desse emna er fundamentert på.

Undervisninga legg vekt på å integrere praksis og teori, og tek sikte på:

  • å fremje kvalitetar som ikkje åleine sikrast gjennom eksamen på kurset
  • å sikre god fagleg opplæring
  • aktiv deltaking i utvikling av individuelle arbeider og gruppearbeid

 

Innhald / oppbygging

Fysiologi / treningslære:
Sirkulasjon, respirasjon, energifrigjering og uthaldstrening.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid.

Sluttvurdering

Haust 2005:
ID 371A Skriftleg, individuell eksamen, 3 timar.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.