Utvikle trenarar som skapar god aktivitet og eit godt miljø på skitreningane for born og ungdom. Utdanne trenarar som legg til rette for tilpassa aktivitet for ulike dugleiksnivå.
Effektiv trening på flater, effektiv trening i bratt terreng, aktivitetar på flate, i bakke og på barmark og når snøen manglar, utvikling av skiteknikk, trening av fysiske eigenskapar, utvikling av fysiske eigenskapar, preparering av ski, å vere trenar, miljø og trenarrolla, utvikling av gode ungdomsmiljø, ski som aktivitet i skulen, spesielle utfordringar.
Emnet utgjer ca 48 undervisningstimar, fordelt på forelesingar, praktiske øvingar med refleksjon og prosjekt orientert undervisning.
Praktiske øvingar og trenarpraksis.
Studentane skal vere trenar/hjelpetrenar for langrennsutøvarar under utdanninga.
Trenarpraksisen skal vere på minst 20 timar.
Praktiske øvingar og trenarpraksis er obligatorisk. Greidd praksis.
ID376 Praksisrapport. Rapporten skal ta utgangspunkt i ein praksisrelatert problemstilling, og innehalde planlegging av praksis, gjennomføring og refleksjonar i etterkant av praksis. Bokstavkarakter.
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.