Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / ID378 GRUNNLEGGANDE TELEMARK  

ID378 GRUNNLEGGANDE TELEMARK

Kode
ID378

Namn
GRUNNLEGGANDE TELEMARK

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne i trenarutdanning 30 sp

Tid
Sommar 2005

Mål for emnet

Utvikle trenarar som skapar god aktivitet og eit godt miljø på skitreningane for born og ungdom. Utdanne trenarar som legg til rette for tilpassa aktivitet for ulike dugleiksnivå.

Innhald / oppbygging

Variasjon i telemarkstreninga, basisferdigheiter i telemark, telemarkstil og balanse,

utvikling av telemarkteknikk, beskriving av telemarksstilen, barmarkstrening, trenarrolla, utvikling av gode ungdomsmiljø, utvikling av fysiske eigenskapar, ski som aktivitet i skulen, miljø og trenarrolla, spesielle utfordringar, spesielle reglar for telemark, løyper.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet utgjer ca. 50 undervisningstimar og inneheld førelesingar, praktiske øvingar med refleksjon, og noko tematisert og prosjektorientert undervisning.

Praktiske øvingar og trenarpraksis.

Arbeidskrav

Studentane skal vere trenar/hjelpetrenar for telemarksutøvarar under utdanninga.

Denne trenarpraksisen skal vere på minst 20 timar.

Greidd praksis.

Praktiske øvingar og trenarpraksis er obligatorisk.

Sluttvurdering

ID378 Praksisrapport. Rapporten skal ta utgangspunkt i ein praksisrelatert, og skal innehalde planlegging av praksis, gjennomføring og refleksjonar i etterkant av praksis. Bokstavkarakter.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.