Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / ID371B IDRETTSFAGLEG BASIS 2  

ID371B IDRETTSFAGLEG BASIS 2

Kode
ID371B

Namn
IDRETTSFAGLEG BASIS 2

Studiepoeng
5.00

Kategori
Obligatorisk emne i Trenarutdanning 30 sp

Tid
Samling sommaren 2006

Mål for emnet

Etter avslutta emne skal studentane vere i stand til å analysere treningsfaglege problemstillingar med utgangspunkt i grunnleggande kunnskap om bevegelseslære/motorikk.

Studentane blir aktivt stimulert til å anvende denne grunnleggjande kunnskapen når dei skal forklare prinsipp i treningslæra og metodar som vert brukte i innlæringa av idrettane. Bevegelseslære/motorikk er interessant og meiningsfyllt først når ein forstår dei grunnleggjande anatomiske og fysiologiske mekanismane som desse emna er fundamentert på.

Undervisninga legg vekt på å integrere praksis og teori, og tek sikte på:

- å fremje kvalitetar som ikkje åleine sikrast gjennom eksamen på kurset
- å sikre god fagleg opplæring
- aktiv deltaking i utviklinga av individuelle arbeid og gruppearbeid

Innhald / oppbygging

Motorikk/rørslelære:
Basisrørsler, rørsleanalyse, metodikk, teknikk og ferdigheitstrening.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Sluttvurdering

Haust 2006:
ID 371B Skriftleg individuell eksamen, 3 timar.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.