Valfritt emne i 5. semester i bacholorstudiet for økonomi og administrasjon og økonomi og informasjonsbehandling.
Studentane skal bli betre i stand til å forstå økonomistyring ved å sjå på likskapar og ulikskapar mellom offentlege og private organisasjonar. Dette vil bli ivareteke ved at studentane må gå relativt nøye inn på eksempel frå både private og offentlege organisasjonar. Gjennom desse eksempla er målet at studentane skal forstå kvifor lønsemdsfokuset er sentralt i private organisasjonar, medan det finansielle fokuset er meir sentralt i offentlege organisasjonar.
Kurset tek utgangspunkt i at studentane har avslutta minst fire semester i økonomi og administrasjon, eventuelt økonomi og informasjonsbehandling, og at dei no er i det 5. semesteret med nokolunde normal studieprogresjon bak seg.
Kurset er delt inn i fire delar. I del 1 diskuterer vi økonomistyring generelt og kjem mellom anna inn på kva ulike målsetjingar i privat og offentleg sektor har å seia for styringssystema. I del 2 konsentrerer vi oss om økonomistyring i privat sektor, først og fremst gjennom å studera utvalde kapittel frå ei lærebok i internrekneskap for vidarekomne. I del 3 tek vi opp økonomistyring i offentleg sektor gjennom å gå nærare inn på budsjettering og rekneskap i stat og kommunar. Dessutan vil studentane få ei innføring i kameralrekneskap i denne delen av kurset. Kurset vil bli avrunda i del 4 med gjennomgang av ein artikkel om budsjettering i teori og praksis og oppgåvegjennomgang frå delar av pensumet.
For å styra ein organisasjon (offentleg eller privat) er det behov for å trekkja på kunnskap frå fleire fagområde. Kurset vil difor vera tverrfagleg og byggja på følgjande fagområde: rekneskap, budsjettering, investering, finansiering og organisasjonsfag. Hovudinnhaldet i kurset vil likevel springa ut frå rekneskap og budsjettering.
Kurset vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori og problem i tilknyting til denne. Problema – eller oppgåvene – vil, forutan rekneoppgåver som fører fram til eitt svar med to strekar under, også vera diskusjonsoppgåver der fleire svar kan aksepterast. I ein del av den planlagde undervisningstida er det meininga at studentane skal få høve til å arbeida med praktiske eksempel (case) og oppgåver som deretter vert kommenterte av faglærar i plenum.
Det kan koma på tale med ein dagsekskursjon til ei privat bedrift og/ eller ein offentleg organisasjon.
Om lag halvveges i kvar hovuddel av kurset (privat og offentleg) vil studentane få utlevert eit oppgåvesett til innlevering. Innleveringa er obligatorisk, og studentane skal svara anten individuelt eller i grupper på maksimum tre personar. Faglærar kjem til å vurdera det innleverte arbeidet i form av kommentarar og framlegg til karakter. Karakteren E eller betre på det skriftlege arbeidet er ein føresetnad for å kunna gå opp til avsluttande eksamen. Innleveringa gjeld såleis som arbeidskrav.
To skriftlege prøver à 3 timar, dvs. ei prøve i kvar hovuddel av kurset. Kvar prøve tel 50% av totalkarakteren. Bokstavkarakter.
Lærebøker:
1) Busch, T., Johnsen, E. og Vanebo, J. O., 2002, Økonomistyring i det offentlige, 3. utgave (ØSO). Oslo: Universitetsforlaget.
2) Christensen, Tom, m.fl., 2004, Organisasjonsteori for offentlig sektor, Oslo: Universitetsforlaget (Blir utgjeven våren 2004).
3) Kaplan, R.S and Atkinson, A:A, 1998, Advanced Management Accounting, Third Edition (AMA). London: Prentice Hall International, Inc.
(Tidsskriftartiklar og utdrag frå bøker):
1) Monsen, N., ”Utvikling av kommuneregnskapet i Norge: om påvirkning fra kameralistens og kjøpmannens bokføringsmetoder”, BETA (2001), nr. 1.
2) Monsen, N., ”Kameralregnskap: En innføring”,BETA (2001), nr. 2.
3) Shank and Govindarajan. ”Profit Variance Analysis”, Utdrag frå boka : ”Strategic Cost Management” (1993), kap. 7
4) Høgheim, S. og Grønhaug, K., Ideal og realitetar i budsjettering: Ei samanlikning mellom normativ teori og observert åtferd. Tidsskrift for samfunnsforskning, nr. 2 1997.
Artiklane vil bli utleverte etter kvart. I tillegg må anna stoff som eventuelt blir utdelt på førelesingane sjåast på som pensum.
Endeleg pensum vert oppgjeve når kurset startar.