Kode
BØ685
Namn
ENTREPRENØRSKAP
Studiepoeng
15.00
Kategori
Valfritt emne i 5. semester i økonomi og administrasjon, turisme og reiseliv og informasjonsbehandling.
Tid
Haust
Mål for emnet
Målgruppa for kurset er studentar med bakgrunn i fag som bedriftsøkonomi, organisasjon og marknadsføring. Etter fullført emne skal studentane
- kjenne det teoretiske grunnlaget for faget
- ha kjennskap til status for norsk og internasjonal forsking på området
- ha innsikt i faktorar som er avgjerande for å lukkast med utvikling av ei verksemd
- ha god kjennskap til norsk næringspolitikk og korleis ein går fram for å starte opp ei bedrift
- gjennom praktiske øvingar ha utvikla sine kreative evner og fått djupare innsikt i kva som skal til for å starte og drive nye bedrifter
- kunne utarbeide ein solid forretningsplan og presentere han for potensielle interessentar på ein overtydande måte
- sjølve kunne vere instruktørar/kurshaldarar i emnet fororganisasjonar og i skuleverket
Forkunnskapar
Kjennskap til bedriftsøkonomi, organisasjon og marknadsføring som svarer til dei to første åra av bachelorgrad i økonomi og administrasjon.
Innhald / oppbygging
Emnet er samansett av ein praktisk og ein teoretisk del.
Denne todelinga inneber ikkje at kvar del skal leve sitt eigeliv uavhengig av den andre; det står sentralt at deltakaranefår høve til å sjå samanhengane mellom teori og praksis.
Den praktiske delen legg opp til aktivitetar på tre område:
· Øvingar med ulike tema
· Kontakt med entreprenørar gjennom bedriftsbesøk
· Gruppearbeid: Utarbeiding og presentasjon av ein konkret forretningsplan
Øvingane og bedriftsbesøka er obligatoriske (sjå arbeidskrav nedanfor).
Forretningsplanen inngår i presentasjonmappa for kvar student (sjå evaluering nedanfor).
I den teoretiske delen skal vi ta opp ulike teoriar om entreprenørskap, og få fram den forskingsmessige statusen på området. Temaliste:
· Kva er entreprenørskap? Bakgrunn, definisjonar, fasar i entreprenørskap.
· Innovasjon og entreprenørskap.
· Hovudtrekka i entreprenørskapsforskinga
· Nyare organisasjonsteoriar og entreprenørskap
· Korleis forske på entreprenørskap? Eit muleg forskingsopplegg.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, gjesteforelesingar, praktiske øvingar, gruppearbeid og studentpresentasjonar der studentar enkeltvis eller i grupper legg fram resultat frå arbeid med ulike oppgåver eller problemstillingar
Ekskursjonar
Ein prøver å gjennomføra to bedriftsbesøk, jfr. det som står om dette under Innhald.
Arbeidskrav
Frammøte og deltaking på dei praktiske øvingane og bedriftsbesøka. Aktiv deltaking i gruppepresentasjon av forretningsplanen. Kva som heilt konkret krevst i form av oppmøte og deltaking for å oppfylle arbeidskrava vil bli opplyst ved kursoppstart.
Sluttvurdering
Ei presentasjonsmappe og fire timars skriftleg skuleeksamen utgjer vurderingsgrunnlaget. Rettleiande tel mappa 50 % og skriftleg eksamen 50 %, og sensorane set ein samla karakter (skala A-F) til slutt. Presentasjonsmappa skal innehalde eit individuelt arbeid som tel 20 % og eit gruppearbeid som tel 30 %. To interne eller ein intern og ein ekstern sensor. Innleveringsfristane for dei to arbeida i mappa blir kunngjorde ved semesterstart. Presentasjonsmappa skal leverast ved starten av skuleeksamen.
Mappe (50 %): Den individuell oppgåva (20 %) blir tildelt av faglærar tidleg i semesteret. Oppgåva kan ha ei teoretisk og /eller praktisk vinkling. Gruppeoppgåva (30 %) føregår ved at deltakarane i grupper med to eller tre medlemmer skal utarbeide ein forretningsplan for ei planlagt ny bedrift. Det er ikkje noko krav at deltakarane verkeleg har ein forretningsidé som dei eller nokon dei kjenner vil setje ut i livet, det kan godt vere ei tenkt bedrift.
Skriftleg eksamen (50 %): Den teoretiske delen av kurset fører fram til ein fire timars skriftleg eksamen. Det skal leggast fram ei nøyaktig litteraturliste som viser kva som kan spørjast om. Lovlege hjelpemiddel: Noregs lover, lovsamling eller særtrykk av lover. Reine rettskrivingsordlister.
Pensum
Kolvereid, Lars og A. Thune Holm (2002): Gründerboken. Cappelen Akademisk Forlag, Oslo.
Landström, Hans (2000): Entreprenörskapets rötter. Studentlitteratur, Lund.
Ilar, Daniel; Kubr, Thomas og Heinz Marchesi (2002): Fra idé til ny virksomhet. McKinsey & Co/ Universitetsforlaget, Oslo.
Spilling, Olav R. (red.) (1998): Entreprenørskap på norsk. Fagbokforlaget, Bergen.
HSF-kompendium ved J.G. Nesse (2004): Innovasjon og entreprenørskap: Ei samling med ein del sentrale og klassiske artiklar, og utdrag frå bøker. HSF, Sogndal.
Økonomi Illustrator for entreprenørar
Ekstra lærestoff kan kome til undervegs, avhengig av kva verksemder/tema som blir studerte.