Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / RE615 Ressursgrunnlaget for reiseliv  

RE615 Ressursgrunnlaget for reiseliv

Kode
RE615

Namn
Ressursgrunnlaget for reiseliv

Studiepoeng
12.00

Kategori
Obligatorisk emne 3. semester i turisme og reiseliv.


Tid
Haust, 3. semester


Mål for emnet

Emnet skal gi ei innføring i natur, kultur, landskap og berekraftig reiseliv, og ta opp miljøspørsmål knytt til reiseliv, både på det nasjonale og internasjonale planet.

Forkunnskapar

Ingen

Innhald / oppbygging

Sentralt i undervisninga vil vere å gi studentane eit oversyn over reiselivsressursane og ei forståing av korleis desse utviklast som reiselivstilbod. I denne samanheng vil natur- og kulturarven og dei menneskelege ressursane ein rår over i dag, vere viktige. Turismen sin tendens til å øydeleggje sitt eige ressursgrunnlag vil drøftast. Ulike strategiar for vern og regulering av turistane sin bruk av natur og miljø vil bli drøfta. Ein vil òg kome inn på slitasjeproblem i sårbare område, som landskapsvernområda. Dessutan vil ulike sider ved destinasjonsutvikling verte gjennomgått.

Undervisnings- og læringsformer

Ein vil veksle mellom førelesingar, gruppeøvingar og feltekskursjonar/-arbeid.

Ekskursjonar

Kurset inneheld ein ekskursjon på 2 til 3 dager med obligatorisk deltaking.

Arbeidskrav

Innlevering av gruppeoppgåver

Sluttvurdering

Avsluttande skriftleg, individuell eksamen, 6 timar

Pensum

Vert lagt fram ved studiestart