Studentane skal utvikle didaktisk og språkleg kompetanse gjennom å
- tileigne seg kunnskap om kommunikativ framandspråkopplæring og utfordringane i ny læreplan
- forbetre evna til å planleggje og gjennomføre kommunikativ språkundervisning i fransk
- tileigne seg kunnskap om korleis ein styrkjer språklæringskompetansen hjå elevane
- forbetre forståing av tekstar (skrivne tekstar, bilete, film, musikk) og muligheitene til
bruk i klasserommet, også som utgangspunkt for arbeid med kulturkunnskap
- reflektere over eigen praksis i lys av teoretiske utgangspunkt
- forbetre den personlege, munnlege og skriftlege språk- og kommunikasjonsdugleiken
1 Didaktisk komponent
· Kommunikativ språkundervisning og kommunikasjonsaktivitetar i klasserommet
· Tekstar og tekstbruk i klasserommet, kulturforståing gjennom arbeid med tekstar
· Ny læreplan og 2. framandspråk
· Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisningsopplegg
2 Språkleg/kulturell komponent:
· Øving i rett bruk av munnleg fransk
· Kunnskap i grammatikk og øving i skriftleg fransk
· Interkulturell kompetanse; fransk i verden
· Barne- og ungdomslitteratur
· Roman, noveller
Fransk vil vere undervisningsspråk. Studiet er nettbasert, og det vil bli om lag ei samling kvar månad. Undervisninga elles vil skje ved hjelp av kommunikasjon via Classfronter. På samlingane vil ein spesielt øve opp munnleg eigendugleik og demonstrere aktiviteter ein kan bruke med elevane.
Å utvikle fagdidaktisk kompetanse vert sett på som eit hovudmål, og gjennom heile studiet vil dette bli vektlagt. All litteratur og kulturkunnskap vil bli diskutert på samlingane og på Classfronter. Studentane vil vere i ein kontinuerleg arbeidsprosess, levere inn tekstar og få tilbakemeldingar på språk, struktur og innhald.
- ei litterær oppgåve + ei kulturkunnskap oppgåve
- ei fagdidaktisk oppgåve
- eit undervisningsopplegg (demonstrasjon for medstudentane) i gruppe
FR620 001
Presentasjonsmappe som skal innehalde 3 tekstar:
- ei skriftleg oppgåve basert på ein pensumtekst eller på kulturkunnskap
- ei skriftleg oppgåve med ei fagdidaktisk problemstilling
- ei skriftleg samandrag av undervisningsopplegg (individuell)
Vekting 60% (intern sensor)
FR620 002
Individuell munnleg eksamen. Samtalen tek utgangspunkt i pensumliste. Vekting 40% (ekstern sensor)