Vidareutdanning for allmennlærarar. Studiet høver og for lærarar med utdanning etter tidlegare rammeplanar og for andre interesserte som tilfredsstiller opptakskravet.
Studiet skal gje undervisingskompetanse i KRL i grunnskulen, både fagleg og didaktisk.
Generell studiekompetanse eller godkjend realkompetanse.
Sjølv om studiet og er ope for studentar utan studiebakgrunn i KRL, er KRL og modernitet primært tenkt som eit fordjupingsstudium (samanlikna med KRL 1), der studentane på fleire område kan gjere val som styrer den einskildes fordjuping. Vi vil generelt utdjupe studiet av dei store religionane, mellom anna ved at studentane kan lage eit svar på ei sjølvforma oppgåve, basert på eige litteraturval.
Fagdidaktisk fordjuping vil mellom anna være knytt til ei kritisk drøfting av KRL-faget sin historie, frå forarbeida til L97 til innføringa av KRL 2005.
KRISTENDOMSHISTORIE:
I kristendomshistorie vil vi leggje vekt på utviklinga i moderniteten, med reaksjonane i kyrkjesamfunna på sekularisering og pluralisme som tyngdepunkt.
ANDRE RELIGIONAR:
I emnet andre religionar kan kvar student velje si fordjuping i ein av de fire verdsreligionane (kristendomen frårekna) eller i human - etikken.
ETIKK, FILOSOFI og LIVSSYN:
I etikk, filosofi og livssyn vil vi leggje vekt på sentrale filosofar i det siste hundreåret, framfor alt i deira handsaming av moralfilosofi og etikk. Kvar student kan velje ein filosof til eiga fordjuping.
Sjølvstudium, oppgåveskriving (individuelt og i gruppe) og fagdebattar på nettet.
Studiet er nettbasert og føreset at studentane har nettilgang.
Innlevering av to skriftleg arbeid (individuelt og/eller i gruppe) frå dei større tema innan emnet. Studenten må delta med minimum 2 faglege innlegg på 2 ulike emneområde i fagdebattane på nettet.
LI326 001 KRL og modernitet 2: Mappevurdering. Eit individuelt skriftleg arbeid frå presentasjonsmappa
Vekting: 30%
LI326 002 KRL og modernitet 2 : Individuell, skriftleg eksamen
Tid: 3 timar
Vekting: 70%