Valfritt emne i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og økonomi og informasjonsbehandling.
Kurset tek sikte på å gje studentane ei forståing av kva logistikk er, og korleis vi best kan styre og leie dei ulike logistikkprosessane i eit føretak. Vidare skal kurset gje ein innføring i bruk av ulike kvantitaive metoder for å berekna og optimera deler av logistikkstraumen.
Matematikk MA611 og Statistikk ME 611.
Logistikk har eit fokus på straumen av varer og tenester frå råvarekjeldene til sluttbrukar. Det omfattar ulike perspektiv på denne straumen. Emnet tek sikte på å gje studentane ei innføring i problem som knyter seg til ulike ledd i distribusjonskjeda: Innkjøp og forsyning, lagring, produksjons- og distribusjonsplanlegging og utforming av transportløysingar.
For å studere desse problema kan vi gå heilt ned på eit operativt nivå og søkja å optimera ulike storleiker slik som bruken av einskilde maskiner, lagring av varer eller optimering av transportstraumen inn og ut av verksemda. I dette perspektivet vert det mest nytta kvantitative matematiske metodar og berekningar. Nokre av modellane er felles med operasjonsanalyse.
Vi kan også sjå på heile varestraumen frå leiinga sin ståstad. På dette nivået vert vi meir oppteken av ulike styringsprinsipp. Fokus vert retta mot integrasjon mellom dei ulike ledda innafor verksemda, men ser også på integrasjon mellom ulike aktørar i leveringskjeda. Med dette perspektivet trekker logistikken på ulike fag som organisasjon og leiing, marknadsføring og strategi.
Kurset legg opp til ei fordeling mellom kvantitative matematiske metodar (70%) og kvalitative leiingsretta metodar 30%.
Førelesingar og løysing av oppgåver.
Skriftleg eksamen 5 timar, bokstavkarakter.
Pensum vert oppgitt ved oppstart av emnet.