Studiet byggjer på Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning (NRØA) sin plan for bachelorutdanning i økonomisk-administrative fag. Dei valfrie emna (profileringsfaga) legg vekt på bruk av it i økonomiske fag.
Fagplanen er identisk med dei to første åra for bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. I det 5. og 6. semesteret er det høve til å velja ein fagprofil med eit forholdsvis stort innslag av kurs frå bachelorstudiet i informasjonsbehandling. Dei aktuelle kursa er omtala under studieplanen for bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og frå bachelorstudiet i informasjonsbehandling. Sjå omtalen under desse studia. Når det gjeld pensum, viser vi til omtalen under kvart einskilt emne.