Study Programmes 06/07 / Study Programmes / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / MASTER`S DEGREE / Master i tilpassa opplæring - mastergrad i lærarutdanning  

Master i tilpassa opplæring - mastergrad i lærarutdanning

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Master i tilpassa opplæring - mastergrad i lærarutdanning

Studiepoeng
120 ( 90 dersom alle vilkår for fordjuping og praksis er oppfylte, sjå under Opptak)

Organisering
Studiet er firedelt:
- Fagleg fordjuping i eit skulefag – 30 studiepoeng.
Kan takast som deltid 1. og 2. semester. Kan gjennomførast i Sogndal eller som desentralisert studium. Er ikkje nødvendig dersom ein alt har nødvendig fordjuping.
- Fellesemne: Læring og tilpassa opplæring – 30 studiepoeng.
Emnet har to modular på 15 studiepoeng. Emnet går over 1. og 2. semester og kan takast som deltid.
- Vitskapsteori, forskingsmetode og statistikk – 20 studiepoeng, 3. semester
- Masteroppgåve – 40 studiepoeng, 3. og 4. semester

Det er og mogleg å gjennomføra dei to semestera med vitskapsteori og oppgåve som deltid etter særleg avtale



Innleiing

Studiet skal vera eit tilbod på masternivå for studentar og lærarar som ønskjer å fordjupa seg i lærarutdanning reint allment. Studiet legg stor vekt på å ta opp problemstillingar frå skulekvardagen. Opplæring i bruk av ikt som eige verktøy og som verktøy i skulen er eit viktig grunnlag i gjennomføringa av denne masterutdanninga
Studentane skal fordjupe seg innan skulefag/fagdidaktikk og læring og tilpassa opplæring. Det vert blandt anna lagt vekt på å kunne gjere seg nytte av eksisterande relevant spesialpedagogisk kunnskap knytta opp mot fagdidaktikken.
Studentane skal få omfattande kjennskap til vitenskapsteori og forskningsmetode i relasjon til aktuelle problemstillingar og opplæring i bruk av program innan dataanalyse. I studiet er det ei masteoppgåve som skal dyktiggjere studentane i vitskapleg metode og danne grunnlag for forskning.

Kompetanse / formell grad

Fullført studium gjev tittelen ”Master i lærarutdanning” ved Universitetet i Oslo/Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiet tek sikte på å gi brei kompetanse for arbeid i grunnskulen. Avhengig av fagleg fordjuping, vil den og kunna kvalifisera for arbeid i vidaregåande skule.

Målgruppe

- Personar som har fullført allmennlærarutdanning, eventuelt fullført 3 år av denne

- Lærarar med ein bachelorgrad av fag og eittårig praktisk-pedagogisk utdanning

For begge lærargrupper vil studiet tilby ytterlegare fordjuping innan eigen lærarutdanning med fokus retta mot feltet tilpassa opplæring.

Mål for studiet

Studiet skal byggja på dei læreplanane som til ei kvar tid gjeld for skuleverket og setja studentane i stand til å gjera skulen og skulekvardagen likeverdig, utviklande, moderne og inkluderande. Gjennom studiet skal studentane tileigna seg
- fagleg og fagdidaktisk kompetanse
- integrering av spesialpedagogisk kompetanse i den faglege og didaktiske komponenten
- kunnskap om vitskapsteori og forskingsmetodar
- kunnskap om inkluderande og likeverdig utdanning
- kunnskap om innovasjon og skuleutvikling
- digital kompetanse, både gjennom eigne studiemetodar og ved å studera bruk av digitale verktøy i skulekvardagen

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generelt grunnlag for opptak:

Generelt grunnlag for opptak til master er fullført og greidd:
- tre- eller firårig allmennlærarutdanning
- bachelor i allmennlærarutdanning etter rammeplan av 2003
- treårig allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning + Praktisk-pedagogisk utdanning

Som del av utdanninga:

- Det vert kravd ei fordjuping på minimum30 studiepoeng i eit skulefag
- Fullført og bestått praksis frå grunnutdanninga
- Det er krav om karakteren C eller 2.7 rekna ut frå følgjande grunnlag:
For allmennlærarutdanninga:
emnet Pedagogisk teori i læararutdanninga (30 sp) pluss utvalgte emne av eit omfang på 90 sp inklusivt fordjuping i eitt skulefag (30 sp)
For høgskuleutdanning med PPU:
emnet pedagogikk (30 sp) pluss eitt eller to skulefag med eit omfang på 90 sp

- Søkjarar som manglar 60 studiepoeng fordjuping i eitt skulefag, må ta 30 studiepoeng skulefag i 7. og 8. semester.

- Fullført og greidd praksis frå grunnutdanninga

- Gjennomsnittskarakter frå bachelor må vera minimum karakteren 2.7 eller C etter fullført fordjuping

Innhald / oppbygging

Emne 1: Fordjuping i eitt av skulefaga engelsk, norsk eller matematikk, sjå eigne emneplanar

Emne 2: Fellesemnet ”Læring og tilpassa opplæring”, sjå eigen emneplan

Emne 3: Vitskapsteori, forskingsmetode og statistikk, sjå emneplan

Emne 4: Masteroppgåva, sjå emneplan

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er bygt opp med førelesingar, seminar og gruppearbeid. Studentane vil møta varierte og problemorienterte arbeidsformer, som case-drøftingar, mindre øvingar, øving på eiga framføring, prosjektorganisering osv. Arbeidskrav (også obligatorisk) er viktige reiskapar i læringa. Det vert lagt vekt på å utvikla bruken av ikt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet. Alle studentar og lærarar skal vera tilknytte ei felles læringsplattform.

Varierte eksamensformer: mappevurdering, muntleg eksiminasjon, skriftleg individuell eksamen, semesteroppgåve og masteroppgåve.

Praksis

Det er ikkje praksiskrav i sjølve masterstudiet. Gjennomført praksis er eit kriterium for opptak

(sjå under Opptakskrav)

Studieopphald i utlandet

Er ikkje obligatorisk i studiet, men mogleg å ha som del av utdanninga

Sluttvurdering

Sjå emneomtalane

Pensum

Pensumlitteraturen går fram av dei ulike emneomtalane. pensumlitteraturen i studieplanen vil bli endra og supplert undervegs. Den endelege pensumlitteraturen vert gjort kjend på nettsida til studiet seinast 15. februar i evalueringssemesteret.