Studiet er eit deltidsstudium, og går over to semester, og omfattar to komponentar:
1) Innføring i REAL, eit pedagogisk og fagleg verkty for arbeid i skule og lokalsamfunn - 5 dagarkurs på totalt 35 timar. Dette kurset tilsvarar 6 studiepoeng.
2) Ein teoridel i entreprenørskap som påbygging av REAL kurset på 9 studiepoeng som vert gjeve som undervisning over 40 - 50 timar, og med gjennomført prosjektarbeid.
Vidareutdanning for lærarar og andre yrkesgrupper.
allmennlærar eller faglærar i grunnskule, vidaregåande skule og høgskule/universitet.
Andre målgrupper er ulike yrkesgrupper og einskildpersonar i lokalsamfunnet.
Studiet har som mål å gje deltakarane ei fyrste innføring i og kunnskap om entreprenørskap i skule og lokalsamfunn.
Deltakarane skal også kunne bli ressurspersonar i arbeidet med å utvikla entreprenørskapshaldningar i skule og lokalsamfunn, t.d. gjennom partnarskapsavtalar og elevbedrifter, deltaking i ulike bygdelagsprosjekt og etablering av eigne verksemder.
lærarutdanning (allmenn, faglærar eller praktisk pedagogisk utdanning), generell studiekompetanse eller på grunnlag av realkompetanse.
Deltakarane må ha godkjent realkompetanse eller studiekompetanse for å få studiepoeng. Andre interesserte kan ta studiet, og vil få kursbevis.
- innføringskurs i REAL som fagleg og pedagogisk verkty
- kvifor satsa på entreprenørskap i skule og lokalsamfunn ?
- kva legg vi i omgrepet entreprenørskap – kva type haldningar og kvalitetar ynskjer vi utvikla ?
- korleis legga tilrette for bygging og utvikling av entreprenørskap ?
- kreativitet og kreative prosessar
- marknad og marknadsanalyse – bruk av verkty
- meir om økonomi – budsjett og rekneskap
- marknadsføring og marknadsføringsstrategiar
- korleis starta eiga verksemd - lover, reglar, budsjett, rekneskap m.m.
- korleis tilrettelegga for entreprenørskap og elevbedrift i grunnskule og vidaregåande skule - prinsipp/innhald/organisering/gjennomføring – kva seier læreplanverket ?
Prosjekt – dette kan vera ei elevbedrift/ungdomsbedrift, partnarskapsavtale eller eit næringsretta/lokalsamfunnsretta prosjekt. Deltakarane skal levera inn skriftleg prosjektrapport som skal evaluerast med graderte karakterar.
Arbeidsformene i studiet legg vekt på eigenaktivitet og aktiv medverknad frå studentane si side gjennom problemorientert og erfaringsbasert undervisning i grupper, diskusjons- og dialogbasert undervisning i plenum og i grupper. Målet er å få fram og spela på den kunnskap, innsikt og røynsler kvar einskild tek med seg inn i studiet og setja dette inn i ei ramme med vekt på næringsutvikling og entreprenørskapsbygging i skule og lokalsamfunn.
Arbeidsformene i studiet bygger på REAL- pedagogikken sine 4 viktige prinsipp:
Klare definerte læringsmål, gjennomføring bygd på eigenaktivitet i grupper eller individuelt, der arbeidet skal munne ut i presentasjon i ei eller anna form. Tid til refleksjon over det ein har gjort eller lært. Det blir reflektert over overføringsverdi til det verkelege livet gjennom samtale, diskusjon eller logg. Implementering / utprøving av kunnskapane i ei eller anna form for prosjekt eller aktivitet.
Deltaking på alle REAL samlingane, samt gjennomføring av prosjektarbeid i eigen klasse/eige lokalsamfunn.
EN300 001 Prosjektrapport med graderte karakterar.
Vekting: 40%
EN300 002 Individuell munnleg eksamen med gjennomgang av teoristoff og drøfting av prosjektarbeid.
Vekting: 60%
Studenten må ha ståkarakter på prosjektrapport for å kunna gå opp til munnleg prøve.
Pensum er på 1000 sider, og inneheld fylgjande artiklar/bøker/hefte :
Framnes, R. og Thjømøe,(2001):Markedsføringsledelse, Oslo (291 s.)
Kap.6-15 (s.208 –s.498)
Fagserien Distriktsaktiv skole nr.3/98: Elevbedrift som prosjektarbeid, (24 s.)
Kolvereid, L og Thune - Holm, A :Grunderboken, Cappelen Akademiske Forlag, Oslo
(1999)(119 s.)
Kunnskapsdepartementet (2006) :Læreplanverket for den 10-årige Grunnskolen,
* Generell del og Prinsipp og retningslinjer - del I (86 s.)
* Prinsipp og rammer for opplæringa – del II (5 s.)* Læreplanar for fag – del III (142 s.)
Kyrkje, utdannings- og
forskingsdepartementet (1997) : Entreprenørskap i opplæring og utdanning, hefte (36 s.)
Læringssenteret (2002 ) : Progresjonsmodellen, Læringssenteret (48s.)
NHD, KD og KRD (2006) : Se muligheitene og gjer noko med dei – strategiplan for
entreprenørskap i utdanninga – revidert utgåve 2006
Offerdal, Ivar A. : Skulen som ressurs i utviklinga av lokalsamfunnet i Befring/Heggheim
(2001) : Liv og læring på landsbygda, Samlaget (12 s.)
Ungt Entreprenørskap (2003): Elevbedrift – ungdomsskulen, lærarrettleiinga eller Ungdomsbedrift – vidaregåande skule
REAL materialet for alternativt mellomsteget/ungdomssteget eller vidaregåande skule/høgskule/universitet - referanselitteratur
Røe Ødegård, Inger Karin (2000): Pedagogisk entreprenørskap, Høyskoleforlaget,
Kristiansand (202 s.)
Røe Ødegård, Inger Karin (2003): Læreprosesser i pedagogisk entreprenørskap,
Høyskoleforlaget, Kristiansand (155 s.)
Pensumlista vil bli supplert og eventuelt endra i samråd med deltakarane på kurset.