IKT FOR LÆRARAR 1, IT300

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
IKT FOR LÆRARAR 1, IT300

Studiepoeng
30 studiepoeng

Organisering
Haust- og vårsemester

Kompetanse / formell grad

Valfritt fag i fjerde studieår i den fireårige allmennlærarutdanninga. Vidareutdanning for lærarar.

Målgruppe

Lærarar i grunnskule/vidaregåande skule og 4.årsstudentar i den 4-årige allmennlærarutdanninga.

Mål for studiet

– Nytte IT som verktøy i eige arbeid i skule og opplæring
– Utvikle reflekterte haldningar til pedagogisk bruk av IT
– Kunne vurdere IT brukt i ulike fag
– Øve opp evna til å nytte IT-verktøy til å ta seg fram, og utvikle lærestoff der lærestoff ikkje er ferdig tilrettelagt
– Kjenne til og kunne gjere greie for IT-løysingar og arbeidsformer for bruk i opplæringssituasjonar
– Vere førebudd på dei metode- og rolleendringane som IT medfører i skule og opplæring
– Ha kunnskap om data og samfunn
– Ha kunnskap om og kunne gjere greie for eigenskapar ved ulike teknologiske plattformer

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning med paps eller praktisk pedagogisk utdanning.

Innhald / oppbygging

– Innføring i informasjonsteknologi (12 studiepoeng)
– Pedagogisk bruk av informasjonsteknologi (12 studiepoeng)
– Informasjonsteknologi i samfunn og arbeidsliv (6 studiepoeng)

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er desentralisert og organisert som ei veksling mellom regionale samlingar med tradisjonelle førelesingar og gruppearbeid, deltaking i lokale studiegrupper og individuelt arbeid. Bruk av datateknologi, både som læringsverktøy, til kommunikasjon, logg og til informasjon, er grunnleggjande i studiet. Det vert fokusert på IKT som læraren sitt arbeidsverktøy.

Studentane må ha datamaskin og minimum verkty tilsvarande Microsoft Office 98 og internettilkopling.

Innleveringar til arbeidsmappe:
– Ei oppgåve i "Informasjonsteknologi i samfunn og arbeid"
– Ei oppgåve frå praksis eller frå praksisnært arbeid
– Seks oppgåver frå "Innføring i informasjonsteknologi" og "Pedagogisk bruk av informasjonsteknologi". Det skal vera innleveringar både i grupper og individuelt.

Praksis

To veker obligatorisk praksis som er knytt til undervisning og opplæring i IKT-bruk.

Sluttvurdering

Vårsemesteret
IT300 201 Mappe: Tre av arbeida frå arbeidsmappa skal leverast inn i ei presentasjonsmappe. Studenten vel to av arbeida sjølv, eitt blir trekt av høgskulen.
Vekting: 50 %

IT300 202 Individuell, munnleg eksamen
Studentane vert eksaminert med utgangspunkt i praktisk bruk av pc-verktøyet og i to av arbeida frå arbeidsmappa (loddtrekking).
Vekting: 50 %

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.