Studiet er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiet er organisert som eit deltidstilbod.Studiet er organisert med ulike emne som over tid byggjer opp under ei spesialisering i helse- og sosialtenester for eldre. Det er førebels utvikla fire emne på kvar 15 studiepoeng
Helse -og sosialpolitisk har omsorg for eldre vore og vil framleis vere eit viktig satsingsområde. Studium i aldring og eldreomsorg er eit av bidraga til ei god helse- og sosialteneste. Handlingsplan for eldreomsorga (St.meld. nr.50, 1996 – 97) peikar på at behovet for fagpersonar med kunnskap om aldring og eldre er stort i sektoren. I tillegg til kunnskap innan fysiologi, psykologi, sosiologi, patologi og helse –og sosialpolitikk er det nødvendig at ein gjer vurderingar og fattar slutningar på eit rettslig og etisk haldbart grunnlag.
I fylgje Statistisk sentralbyrå vil gruppa over 80 år ”dei aller eldste” auke med 53 prosent i perioden 2000 – 2030 (Statistisk årbok 2002). Når ein veit at ca. ¾ i denne gruppa bur åleine og at ca.1/5 har utvikla aldersdemens tilseier befolkningsutviklinga at behova for varierte omsorgstenester vil vekse sterkt framover. På grunn av den demografiske utviklinga, vil det bli auke i etterspørsel etter alle typar helse –og sosialtenester. Det vil bli behov for tiltak tufta på alt frå helsefremmande til førebyggande tiltak, ”hjelp til sjølvhjelp” og omfattande behandlings, - støtte –og omsorgstiltak. Med lengre levealder og auke i tal eldre, vil helsefremmande og førebyggande arbeid vere eit viktig satsingsområde.
I innleiinga til Velferdsmeldingen (St. meld. Nr. 35, 1994-95) vert det sagt at ”en god pleie – og omsorgstjeneste må først og fremst begrunnes i den enkelte brukers opplevelse av egen velferd”. Helse –og sosialarbeidarar har eit medansvar for å utforme ei teneste som imøtekjem dei ulike behov hos eldre menneske og som ivaretek dei eldre sin integritet.
Førekomstundersøkingar i ei rekke vestlege land syner at 20 – 25% av alle eldre over 65 år har ei psykisk liding, hyppigast depresjon og demens. Mange eldre har kombinasjonar av psykiske lidingar, som til dømes demens og depresjon, angst og depresjon eller demens og delirium.(Engelstad Snoek og Engedel, 2004).
Kvart emne gjev 15 studiepoeng på universitets- og høgskulenivå. Desse inngår i HSFs vidareutdanning i aldring og eldreomsorg på 60 studiepoeng.
Helse- og sosialpersonell i første -og andrelinjetenesta
Studiet har som mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar med høg yrkesetisk standard som kan ta initiativ til, organisere og setje i verk tiltak i samarbeid med den eldre sjølv, deira pårørande, frivillige medarbeidarar og dei andre yrkesgruppene innanfor eldreomsorga. Vidareutdanninga skal føre til at studentane ved fullført utdanning har gode kunnskap om den normale aldringsprosessen og korleis det opplevast å bli gamal. Studentane skal tillegne seg kunnskap om behandling og rehabilitering av eldre. Dessutan skal dei ha kunnskap om førebygging av sjukdom og funksjonssvikt hos eldre både på det samfunnsmessige og på det personlege plan. Vidare vert det lagt vekt på at studentane utviklar evne til å tenkja nytt i framtidig yrkespraksis og at dei i samarbeid med dei eldre sjølv, vert dyktige talsmenn og kvinner i forhold til planlegging og slutningar som vedkjem eldre menneske. Studiet skal føre til ferdigheitar i kvalitetsutvikling og forsking og utviklingsarbeid innanfor eige praksisområde.
3- årig helse- eller sosialfagleg utdanning og minimum eitt års relevant klinisk erfaring etter fullført utdanning. Søkjarar med anna høgskule- eller universitetsutdanning og søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskild vurdering.
Vidareutdanning i aldring og eldreomsorg er tverrfagleg og byggjer på Rammeplan og forskrift for Vidareutdanning i aldring og eldreomsorg fastsett av Kirke-, utdannings- forskingsdepartementet 10.juli 1998. Det er bygd opp gjennom fire emne som kvar er ei spesialisering med relevans for aldring og eldreomsorg. Tre av emna er obligatoriske, det fjerde emnet er ei valfri fordjuping.
- Emne I: Somatiske sjukdommar og meistring i eldre år GR 120
- Emne II: Organisering av helse –og sosiale tenester til eldre GR 122
- Emne III: Alderspsykiatri GR 123
- Emne IV:Valfritt emne i aldersdemens, lindrande behandling, hjerneslag, helsepedagogikk, folkehelsearbeid
Studentar som har gjennomført vidareutdanning i aldersdemens 15 studiepoeng får dette godkjent som valfritt emne.
Læring er ein aktiv prosess med vekt på ulike former for kunnskap og faginnhald, og studiet skal inspirere til aktiv studentdeltaking. Det er ynskjeleg at studentane er i dialog med si eiga erfaring og med ny kunnskap som vert formidla av andre i faglitteratur, fellessamlingar eller praksis. Praksis og eiga erfaring før studiet er viktig kunnskap. Å vere i ein læreprosess kan omtalast som ein periode med merksemd på refleksjon og vurderingar av eigne erfaringar og ny kunnskap.
Praksis og refleksjon over praksis vert i utgangspunktet tillagt stor vekt. Dei ulike emna har likevel i ulik grad formelle krav til praksis som del av undervisninga.
Arbeidskrava går fram av emneomtalane.
Sluttvurderinga går fram av emneomtalane.
Sjå omtalen under kvar emneplan.