Namn på studiet
Psykisk helsearbeid, tverrfagleg vidareutdanning, 60 sp
Studiepoeng
60
Organisering
Deltidsstudium over to år.
Innleiing
Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er eit tverrfagleg studietilbod for helse- og sosialpersonell som ynskjer å styrkje og vidareutvikle sin faglege og personlege kompetanse i arbeid med menneske med psykiske lidingar.
Samfunnsmessige behov
Norsk helsepolitikk legg vekt på at tiltak og tenester for menneske med psykiske lidingar skal styrast av prinsippa desentralisering, integrering og normalisering. Dette betyr at den kommunale helse- og sosialtenesta er pålagd eit større ansvar for menneske med psykiske lidingar. Dette er i tråd med St.meld.25 “Åpenhet og helhet” (1996/97) som legg vekt på at det vert opparbeidd eit kvalitativt godt behandlingstilbod i brukaren sin nærleik. Desse utfordringane har ført til auka behov for psykiatrisk kompetanse i kommunane. I Sogn og Fjordane vert den psykiske helse- og sosialtenesta i dei 26 kommunane i fylket stadig meir utbygd.
I følgje NOU 2005:3 er det behov for målretta tiltak for betre samhandling i helsetenester både på det pasientnære området og det overordna nivået. Utredninga framhevar behovet for å styrke pasientperspektivet i helsetenestene. Dette inneber å legge til rette for brukarmedverkad og ivareta pårørandeperspektivet. Det er behov for ei generell styrking avinformasjonsarbeidet og å auke kunnskapen hjå pasientane. Desse forholda tek vidareutdanninga i psykisk helsearbeid sikte på å i møtekomme gjennom eit hovudfokus på menneske med psykiske lidingar. Dette perspektivet vert i varetatt gjennom eit humanistisk menneskesyn, der forståing og respekt for det einskilde menneske sin eigenart og livshistorie står sentralt. Brukarmedverknad på alle nivå er sentralt, samtidig som pårørandeperspektivet vert vektlagt.
Stortingsmelding 50 (1993/94) og NOU (2005:3) framhevar behovet for å utvikle gode, heilskaplege og samanhengande tenestetilbod. Dette inneber samordning av tenestetilboda på kommunalt og statleg nivå, og samarbeid mellom tenesteytarar innanfor og på tvers av ulike forvaltningsnivå. Det er eit mål at Vidareutdanning i psykisk helsearbeid skal gje fleire yrkesgrupper innanfor helse- og sosialtenestene auka kompetanse i psykisk helsearbeid, og inspirasjon til auka tverrfagleg samordning og samhandling.
Psykisk helsearbeid omfattar ulike teoretiske perspektiv og behandlingstilnærmingar sett i eit tverrfagleg perspektiv. Humanistiske, samfunnsfaglege og naturvitskaplege perspektiv vil verte tematisert i varierande grad for å fokusere på det komplekse og samansette ved det menneskelege tilvære. Dette vil utfordre kompetansen til den einskilde yrkesutøvar. Dette inneber at kvar einskild student må arbeide med å utvikle eit reflektert tilhøve til eigne verdiar, eiga yrkesrolle og korleis ein skal nytte kunnskap i praksis til brukaren sitt beste. For Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er den praktiske kunnskapstradisjon ein sentral verdi, difor vil studentane sin erfaringskunnskap verte løfta fram i utdanninga. Skriftlege arbeid undervegs i studiet er vektlagde for å stimulere studentane til bearbeiding av eigen praksis, ny kunnskap og yrkeserfaring i høve til aktuelle emne i pensum og undervisning.
Faglege føresetnader
Vidareutdanning i psykisk helsearbeid byggjer på ”Rammeplan og forskrift - Vidareutdanning i psykisk helsearbeid (Utdannings- og forskningsdepartementet 1. desember 2005) og kvalitetsreforma (Stortingsmelding 27 2000-2001). Vidareutdanning i psykisk helsearbeid vert gitt av avdeling for helsefag (AHF) og er lokalisert på studiestaden Førde. AHF nyttar undervisningspersonale med formell kompetanse og erfaring frå praksisfeltet som ansvarleg for pensum, undervisning og veiledning i aktuelle fagområde. Klinisk praksis vert hovudsakleg avvikla i Sogn og Fjordane. Praksisveiledar skal ha relevant vidareutdanning og/eller etterutdanning.
Det kan vere aktuelt å nytte undervisningslokale i mindre omfang på dei andre studiestadane som er knytt til Høgskulen i Sogn og Fjordane
Kompetanse / formell grad
Vidareutdanning i psykisk helsearbeid utgjer 60 studiepoeng og kvalifiserer for arbeid med menneske som har psykiske problem/lidingar innan den kommunale helse- og sosialtenesta og spesialisthelsetenesta.
Målgruppe
Personar med treårig helse- eller sosialfagleg utdanning på høgskulenivå som arbeider med, eller ynskjer å arbeide med menneske med psykiske lidingar eller psykososiale problem.
Mål for studiet
Studiet skal fremje studentane sin relasjonskompetanse; evne til samhandling og samarbeid med brukar/klient/pasient. Under studiet byggjer ein vidare på dei kunnskapar studentane har med frå eiga grunnutdanning og praksis. Studiet omfattar psykisk helse i eit livsløpsperspektiv.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Opptakskravet er fullført 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning med minimum eitt års klinisk erfaring. Søkjarar med annan relevant høgskule, universitetsutdanning og relevante forkunnskapar kan etter særskilt vurdering takast opp. Søkarar med 2-årig høgare helse- eller sosialfagleg utdanning etter tidlegare rammeplanar kan også takast opp.
Innhald / oppbygging
Studiet er ei deltidsutdanning over to år. Studiet er på i alt 60 studiepoeng.
Emne 1, Fellesdel, 30 studiepoeng
Denne delen av vidareutdanninga er obligatorisk og tverrfagleg. Studentane må ha greidd eksamen frå del 1 for å gå vidare til del 2. Fellesdelen er inndelt i tre delemne, der delemne 1 og 2 er felles med vidareutdanning i rusproblematikk.
- Delemne 1. Mennesket, psykiske lidingar/rusavhengigheit og det sosiale miljø (12 studiepoeng). Felles med vidareutdanning i rusproblematikk
- Delemne 2. Kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing (9 studiepoeng) og vert felles med vidareutdanning i rusproblematikk
- Delemne 3. Organisering av tenesta for menneske med psykiske lidingar (9 studiepoeng)
Emne 2, Fordjupingsdel, 30 studiepoeng
Denne delen av studiet er ei fordjuping og er ei vidareføring av emna frå del 1. Rammeplan og forskrift for vidareutdanning i psykisk helsearbeid skisserar følgjande fordjupingseiningar: tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid, fagspesifikk fordjuping i sjukepleie, fagspesifikk fordjuping i sosialt arbeid og fagspesifikk fordjuping i fysioterapi. Kvar vidareutdanning i psykisk helsearbeid er pålagt å gje tilbod om tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid. HSF tilbyr tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid. Under føresetnad av nødvendig godkjenning vert det i tillegg tilbod om fordjuping i psykososialt arbeid med barn og unge. Studentar som har fullført del 1, fellesdelen, har høve til å søke fordjupingseiningar på høgskular som tilbyr vidareutdanning psykisk helsearbeid.
Undervisnings- og læringsformer
Læring vert forstått som ein aktiv prosess med merksemd på ulike former for kunnskap og faginnhald, og studiet ynskjer å inspirere til aktiv studentdeltaking. Studentane sin eigen praksis og erfaring, både før studiet og i løpet av studiet, er viktig kunnskap. Å være i ein læreprosess kan omtalast som ein periode med merksemd på refleksjon og vurdering av eigne erfaringar og ny kunnskap.
Undervisnings- og læringsformene gjenspeglar måla for utdanninga. Dette inneber varierte arbeidsformer som førelesing, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving, prosjektarbeid, fordjupingsgrupper/kollokviegrupper, veilednings- og refleksjonsgrupper og praksisstudium. Studentane må ha tilgang til internet.
Fordjupingsgrupper
I fordjupingsdelen av studiet vert studentane delt inn i fordjupingsgrupper utifrå eige ynskje om fordjuping. Gruppene vil arbeide med oppgåver knytt til teori og praksis. Gruppene er studentstyrde.
Praksis
Studentane har 9 veker (270 timar) praksis i fordjupingsdelen. Avdeling for helsefag nyttar praksisplassar innan psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta, psykiatrisk sjukepleie/psykososialt arbeid i den kommunale helse- og sosialtenesta, på familiekontor eller poliklinikkar der fagleg relasjonskompetanse er ein sentral del av behandling og oppfølging, og der samhandlingskompetanse på tvers av etatar og forvaltingsnivå vert vektlagd. I praksis skal studentane ved hjelp av veiledning ha fagleg delansvar for den planlagde terapeutiske kontakten med familie, pasient, klient med psykososiale vanskar. Fagleg veiledning i praksis skal vere individuell, planlagt og systematisk. Det er krav om 90% frammøte i praksis, fråvær utover 10% kan berre godkjennast i samband med søknad innvilga av høgskulen. Det vert utarbeidd konkretisering av retningsliner før studentane tek til i praksis. Praksisstudier inngår i sluttvurdering av fordjupingsdelen og vert vurdert til greidd/ikkje greidd.
Fagleg veiledning
Studentane deltek i veiledning/refleksjonsgrupper i teoribolkar og individuell veiledning i praksisperioden. Det er krav om 90% frammøte, fråvær utover 10% kan berre godkjennast i samband med søknad innvilga av høgskulen.
Studieopphald i utlandet
Det vert ikkje lagt til rette for opphald i utlandet i fellesdelen, men det kan verte aktuelt i fordjupingsdelen av studiet.
Arbeidskrav
Dei ulike emna har obligatoriske arbeidskrav. Arbeidskrava kan omfatte krav til frammøte i delar av undervisninga, veiledning, praksis, ferdigheitstrening, skriftlege oppgåver, munnleg framlegg. Emneomtale gjev nærmare omtale av dei ulike arbeidskrava. Alle arbeidskrava må vere gjennomført for at studenten skal kunne framstille seg til eksamen.
Sluttvurdering
Sluttvurdering vert basert på mappevurdering, vurdering av større skriftlege arbeid og skriftleg eksamen. Nærare spesifikasjon for sluttvurdering finn ein under emneomtalane.
Det vert nytta to interne sensorar for sluttvurdering i fellesdelen. Fordjupingsoppgåva i fordjupingsdelen vert sensurert av ein ekstern og ein intern sensor.
Pensum
Litteraturen er så lang som råd basert på forsking og er retta mot måla i studieplanen. Pensum vert gjennomgått og oppdatert til studiestart for kvart emne. Fullstendig pensumliste vert lagt fram ved studiestart. Kvart emne (30 sp) har ca 2000 sider pensum. I emne 2 valfri fordjuping kan studentane legg opp inntil 600 sider valfri pensum. Valfritt pensum skal godkjennast av høgskulen.