Tresemester (TRES) er lagt opp med eit seks vekers kurs i matematikk (omlag 170 timar), og eit tre vekers kurs i fysikk (omlag 84 timar). Undervisninga i matematikk vert avvikla om sommaren før ein tek til på ordnært studium i ingeniørfag eller akva. Kurset i fysikk vert avvikla i løpet av første klasse etter tilpassa opplegg.
Heile studiet skal gi kunnskapar innan matematikk og fysikk, slik at studentane får god nok bakgrunn for opptak til ingeniørutdanninga ved HSF. Sommarkurset i matematikk kvalifiserer til bachelorutdanning i akva ved HSF.
Kvalifiserer til opptak på ingeniørutdanning og akvautdanning ved HSF.
Elevar med generell studiekompetanse eller realkompetanse, som ikkje har fordjuping i matematikk og fysikk.
Gi kunnskapar i matematikk og fysikk, slik at ein kan ta til på ingeniør- eller akvastudiet til HSF.
Generell studiekompetanse, utan fordjuping i realfag (2 MX, 3MX og 2FY) eller realkompetanse.
Undervisninga i matematikk vert avvikla om sommaren før ein tek til i første klasse. Kurset i fysikk vert avvikla i løpet av første klasse i ingeniørstudiet etter tilpassa opplegg.
Studentar som tek fysikk deltek i den ordinære undervisninga på linje med dei andre 1. året i ingeniørutdanninga. Studentar som har 2MX, 3MX eller 2FY kan få fritak for delar av kurset.
Førelesingar og rekneøvingar. Gruppearbeid.
Mappevurdering. Karakterskala A - F. Det er også krav til oppmøte (maksimum 10% fråvere).