Vår, 6. semester
Kurset skal setje studenten i stand til å:
• analysere kva faktorar som verkar inn på etterspurnaden etter konkrete reiselivstenester
• analysere kva faktorar som verkar inn på individuelle val av destinasjon, overnatting og reisemåte
• beskrive og vurdere reiselivsproduktet for ein vald turiststad eller eit reiselivsområde
• førebu og tilrå val av målgruppe(r) for ein turiststad eller eit reiselivsområde
• beskrive og vurdere totalproduktet for ulike turistkategoriar til ein vald turiststad/eit reiselivsområde
• utvikle marknadsføringsopplegg retta mot dei ulike målgruppene for ein vald turiststad/eit reiselivsområde
Tidlegare reiselivsfag, marknadsføring/organisasjonsfag og organisasjonsfag/føretaksstrategi
Emnet byggjer på og vidareutviklar det ein har gått gjennom tidlegare i studiet – både av reiselivsfag og andre fag/praksis. Emnet tek opp ulike problemstillingar knytt til leiing av reiselivsverksemder, og ser nærare på ulike former for "service management, "hospitality management", "destination management". Bruk av ikt som verkemiddel og verktøy i reiselivet vert eit viktig tema.
Case- og prosjektretta undervisning, prosjektoppgåver, rettleiing, problembasert læring med deltaking av fleire lærarar.
Individuell skriftleg eksamen, 6 timar: Bokstavkarater.
Vert oppgitt ved undervisningsstart.