Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / EN6-121 Engelsk språk og didaktikk  

EN6-121 Engelsk språk og didaktikk

Kode
EN6-121

Namn
Engelsk språk og didaktikk

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk del av Engelsk for lærarar

Tid
Vår

Mål for emnet

– gje kunnskap om og utvikla evne til å planleggja og gjennomføra undervisning
–utvikla god personleg språkdugleik
–tileigna seg kunnskap om språket og korleis det vert brukt
–tileigna seg kunnskap om barne- ungdomslitteratur

Innhald / oppbygging

1 Didaktisk komponent

  • Val og organisering av aktivitetar på engelsk
  • Arbeid med tema og tverrfaglege opplegg
  • Kommunikasjonsaktivitetar
  • Kunnskap om eiga læring
  • K 2006

2 Språkleg komponent

  • vidare øving i rett uttale og intonasjon og gjere greie for og anvende strategiar for å utvikla eit variert og godt språk
  • vidare øving i grunnleggjande engelsk grammatikk

3 Litteratur/kulturell komponent

  • barne- og vaksenlitteratur
  • tema frå bakgrunnskunnskap

4 Utviklingsarbeid
Utviklingsarbeid i eigen klasse eller gjennom øvingsskulen med utprøving av læringsaktivitetar baserte på innhald i kurset.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er nettbasert og det vil bli 4 samlingar i løpet av vårsemesteret. På samlingane vil ein spesielt øva opp munnleg eigendugleik og demonstrera aktivitetar ein kan bruka med elevane. Men det vil også vera førelesningar og gjennomgang av pensumlitteratur.

Praksis

Det vil vera praksis i eigen klasse eller gjennom øvingsskulen. Denne skal resultera i eit pedagogisk utviklingsarbeid som skal vera eit av elementa i mappa.

Arbeidskrav

Obligatorisk deltaking på samlingane

Sluttvurdering

Presentasjonsmappe som skal innehalda 4 tekstar: 60% Delkode 001
- to skriftlege oppgåver basert på ei pensumbok
- ei prøve i språk utan hjelpemiddel
- pedagogisk utviklingsarbeid

Munnleg eksamen 40% Delkode 002

Pensum

A SPRÅK
Fonetikk.
Lærebok: Nilsen,Thor Sigurd Rugesæter Kåre N. : Basic English Phonetics for Teachers
The Sounds of English, A Basic Course
Grammatikk
Lærebok:
Raymond Murphy, Raymond: English Grammar in Use
Litteratur
Barne- og ungdoms litteratur:
Bradman, Tony: The Frankenstein Teacher
Dahl, Roald: The Twits, Esio Trot
Hodgson, Burnett F: The Secret Garden
Ungdoms- og vaksenlitteratur
Jhabvala, Ruth: Heat and Dust
Lee, Harper: To Kill a Mockingbird
Spark Muriel : The Prime of Miss Jean Brodie

Samfunnstudier
Lærebok
Duncan, Russel & Goddard Joseph : Contemporary America
McCornick, John : Contemporary Britain
I tillegg kopiert materiale.

Didaktikk/Metodikk
Drew, Ion /Sørheim,Bjørn : English Teaching Strategies. Methods for English Teachers
Munden, Juliet / Myhre, Astrid : Twinkle Twinkle
Fagplanar for grunnskulen og den vidaregåande skule.