Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / EN6-120 Engelsk litteratur og didaktikk  

EN6-120 Engelsk litteratur og didaktikk

Kode
EN6-120

Namn
Engelsk litteratur og didaktikk

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk del av Engelsk for lærarar, 30 studiepoeng

Tid
Haust 2006

Mål for emnet

– gje kunnskap om og utvikla evne til å planleggja og gjennomføra undervisning der ein skal gje opplæring i engelsk
– vidareutvikla god personleg språkdugleik og tileigna seg kunnskap om språket og korleis det vert brukt
– tileigna seg kunnskap om engelskspråkleg litteratur og kultur

Innhald / oppbygging

1 Didaktisk komponent

  • Prinsipp for engelskopplæringa etter K 2006
  • Dei fire dugleiksområda (lytting, snakking, lesing, skriving)
  • Idear for arbeid i klasserommet
  • Kommunikasjonsaktivitetar
  • Songar, rim og regler og forteljingar som grunnlag for opplæringa
  • Læreboktekstar og vurdering av lærebøker
  • Leikar og sopel

2 Språkleg komponent

  • Øving i rett uttale og gjere greie for normer for rett bruk av språket
  • Grunnleggjande kunnskap i grammatikk og normer for rett bruk av språket

3 Litteratur/kulturell komponent

  • Barne - og ungdomslitteratur
  • Kulturforståing gjennom arbeid med skjønnlitterære tekstar og faktatekstar
Undervisnings- og læringsformer

Studiet er nettbasert og det vil bli 4 samlingar i haustsemesteret og ein studietur til York i veke 45 og 46. På samlingane vil ein spesielt øva opp munnleg eigendugleik og demonstrera aktivitetar ein kan bruka med elevane og gje førelesningar i litteratur og bakgrunnskunnskap og språk. Resten av undervisninga vil skje ved hjelp av kommunikasjon via Classfronter.

Arbeidskrav

Obligatorisk deltaking på samlingane.

Sluttvurdering

Presentasjonsmappe som skal innehalda 4 tekstar:
- to skriftlege oppgåver basert på ei pensumbok
- ei prøve i språk 2 t
- pedagogisk utviklingsarbeid
Vekting: 100%

Pensum

A SPRÅK
Fonetikk.
Lærebok:Nilsen, Thor Sigurd, Rugesæter, Kåre N.: Basic English Phonetics for Teachers
The Sounds of English, A Basic Course
CD for individuell øving

Grammatikk
Lærebok:
Murphy, Raymond : English Grammar in Use

B LITTERATUR
Novelle- og diktkompendium: ca 3-5 noveller, nokre dikt
Samling av eventyr
Songar rim og regler til bruk i engelskundervisninga
Skjønnlitteratur
Barnelitteratur:
Carle, Eric The Very Hungry Caterpillar
Rowling, J. K. Harry Potter and the Philosopher’s Stone
Vaksenlitteratur:
Dahl, Roald : Boy
McCourt, Frank : Angela’s Ashes
Russel, Willy: Educating Rita

C SAMFUNNSTUDIER
Lærebok
Duncan, Russel & oddard Joseph : Contemporary America
McCornick, John : Contemporary Britain
I tillegg kopiert materiale.

D. DIDAKTIKK/METODIKK
Drew Ion / Sørheim; Bjørn: English Teaching Strategies. Methods for English Teachers
Munden, Juliet / Myhre Astrid : Twinkle Twinkle
Fagplanar for grunnskulen og den vidaregåande skule.
I tillegg vert det delt ut kopiert materiale som vert rekna som pensum.