Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / PE 329 PEDAGOGIKK I FØRSKULELÆRARUTDANNINGA  

PE 329 PEDAGOGIKK I FØRSKULELÆRARUTDANNINGA

Kode
PE 329

Namn
PEDAGOGIKK I FØRSKULELÆRARUTDANNINGA

Studiepoeng
45.00

Kategori
Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan 2003.

Tid
1. studieår: 17 studiepoeng
2. studieår: 10 studiepoeng
3. studieår: 18 studiepoeng



Mål for emnet

Gjennom studiet skal studentane bli fortrulege med dei ulike ansvarsområda innan yrkesfeltet. Det inneber å skaffe seg kunnskap om og erfaring med leiing av pedagogisk arbeid i barnehagen og det første året i grunnskulen. Førskulebarn skal vere i sentrum i det faglege arbeidet med studiet. Faget er profesjonsdannande og har ein samanbindande funksjon i utdanninga.

Innhald / oppbygging

Pedagogikk er eit mangesidig fag som omfattar mellom anna didaktikk, filosofi, psykologi og sosiologi. Pedagogikkfaget har eit overordna ansvar for heilskap og yrkesretting i førskulelærarutdanninga, og ei fagleg kopling til praksisopplæringa. I rammeplan for førskulelærarutdanninga er studiet i pedagogikk delt inn i fem område:

• Fagleg kompetanse
Ein førskulelærar skal vere i stand til å bruke og analysere utviklings-, lærings, sosialiserings- og samspelsprosessar i barnehagen ut frå eit mangfald av perspektiv. Den faglege kompetansen skal gjere førskulelærarar i stand til å leie medarbeidarar og samarbeide med andre instansar. Faget skal i tillegg ruste og motivere førskulelærarane til å halde seg fagleg oppdatert og ha inspirasjon og samarbeidsglede i eit langt yrkesliv.

• Didaktisk kompetanse
Førskulelæraren skal kunne ta vare på små barn sin spontanitet og kreativitet og deira behov for leik, omsorg og læring. Barnehagekvardagen ber preg av dei ressursane som finst i det einskilde barnet, i barnegruppa, i personalgruppa, i barnehagen sine øvrige rammer og føresetnader og i miljøet omkring.

• Sosial kompetanse
Dersom utviklings-, lærings-, og samspelsprosessar skal verte vellukka, krev det gode og aktive sambandsliner mellom førskulelærarar, barn, foreldre/føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar.

• Endrings- og utviklingskompetanse
Eit dynamisk samfunn i stadig endring føreset at førskulelærarar er i stand til å leie, analysere, reflektere over, og handle i forhold til utviklings- og endringsprosessar. Dei må vere nyskapande i det pedagogiske arbeidet og samtidig kunne vurdere kva som er det beste for barna. Idear om nyskaping må vere bygd på fagleg innsikt i barn sine behov, barnehagen sine tradisjonar og nye forventningar frå foreldre/føresette og frå samfunnet.

• Yrkesetisk kompetanse
Å arbeide som førskulelærar inneber stadige valsituasjonar og svært mange av vala har etiske implikasjonar. Den yrkesetiske kompetansen må difor gjennomsyre alt arbeid i barnehagen. Ein førskulelærar må også kunne forklare og grunngje val, prioriteringar og handlingar ovanfor barn , foreldre/føresette, og kollegaer.

FØRSTE STUDIEÅR
1. semester: Barn, barndom og barnehage (11 sp)
- barnehagen sin historie og utvikling
- lærings- og samspelsprosessar
- sosialisering
- didaktisk arbeid

2. semester: Det leikande og skapande menneske ( 6 sp)
- leik, læring og utvikling
- vaksenrolla i leik
- barn sin eigen kultur

ANDRE STUDIEÅR
3. semester:Kultur og natur ( 7,5 sp)
- kommunikasjon
- personal og foreldresamarbeid
- kulturelt mangfald
- spesialpedagogiske tema

4. semester:Barnehage og skule (2,5 sp)
- didaktisk arbeid i barnehage og småskule
- spesialpedagogiske tema

TREDJE STUDIEÅR
5. semester:På veg til yrket (18 sp)
- leiing
- organisasjonsutvikling og rettleiing
- barn i utsette livssituasjonar
- yrkesrolle og etikk

Eitt emne kan arbeidast med i fleire semester. Dei generelle måla i rammeplan for førskulelærarutdanning og studieplan er grunnlag for arbeidet med å konkretisere måla i dei ulike tema. Rammeplan for barnehagen vert integrert i studiet.

Undervisnings- og læringsformer

Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn. Varierte arbeidsformer der mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet. Sjå plan for semesteret/undervisningsplan.

Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå eigen plan for praksis.

Arbeidskrav

- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av planar i studiet.
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Oppgåver og skriftleg arbeid knytt til praksis
- Deltaking på temadagar

1. semester:
- logg knytt til oppstartsperioden (norsk og pedagogikk)
Tverrfagleg arbeidskrav:
- pbl-arbeid i gruppe ( norsk, pedagogikk, samfunnsfag)
- Skrivedag (pedagogikk og norsk).
2. semester:
Tverrfagleg arbeidskrav :
- pbl-arbeid med tema: Leik (fysisk fostring, pedagogikk, estetiske fag)
- pbl-arbeid i gruppe (fysisk fostring, pedagogikk, estetiske fag)
- individuell semesteroppgåve
3. semester:
Tverrfagleg arbeidskrav:
- Ei arbeidsoppgåve i gruppe (pedagogikk og KRL)
- Barnas Dag og ei arbeidsoppgåve i gruppe (pedagogikk, KRL, samfunnsfag og estetiske fag)
- Prosjektskisse knytt til barnehagepraksis
4. semester:
Tverrfagleg arbeidskrav:
- Praksisprosjekt lese-, skrive- og matematikkopplæring (Norsk, matematikk og pedagogikk)
5. semester:
Tverrfagleg arbeidskrav:
- Aktiv deltaking i prosjektarbeid m/rapport (samfunnsfag og pedagogikk)
- Munnleg framlegg av dagsaktuelt tema (samfunnsfag, pedagogikk og KRL)
- Arbeid i gruppe knytt til yrkesetikk (samfunnsfag, KRL og pedagogikk)
- ASF/ALI-samarbeid, tema: Barn i utsette livssituasjonar
Tverrfagleg emne: likestilling/kjønn (samfunnsfag og pedagogikk)

Sluttvurdering

1. studieår: Vårsemesteret
PE329 601 Pedagogikk : Skriftleg, individuell eksamen
Tid: 5 timar
Vekting: 20 %

2. studieår: Vårsemesteret
PE329 602 Pedagogikk: Skriftleg, praksisretta prosjektrapport, individuelt eller i gruppe (maksimum 3 personar) med munnleg individuell eksamen i etterkant. (Karakter på skriftleg arbeid som blir justert av munnleg eksamen)
Vekting: 30 %

3. studieår: Haustsemesteret
PE329 603 Pedagogikk: Munnleg eksamen i gruppe med spørsmål knytt til tverrfagleg prosjektarbeid og kjernepensum i 5. semester.
Vekting: 20 %

PE329 604 Pedagogikk: Individuell, skriftleg eksamen
Tid: 6 timar
Vekting: 30 %

Pensum

Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. I tillegg til fastlagd pensum, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfrist til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.
Basislitteratur:
Askland, Leif(1997): På veg til førskulelæraryrketUniversitetsforlaget
Askland, Leif og Sataøen, Svein Ole (2000) Å høyre tilGyldendal
Skram, Dag (2002) Dei nye pedagoganeDet Norske Samlaget

Rammeplan for barnehagen 2006