Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / FP332 700 FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I NORSK  

FP332 700 FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I NORSK

Kode
FP332 700

Namn
FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I NORSK

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga

Tid
1. studieår: 11 studiepoeng
2. studieår: 4 studiepoeng



Mål for emnet

I studiet skal studentane førebu seg til desse arbeidsoppgåvene:
- Stimulere talespråksutviklinga hos førskulebarna
- Stimulere skriftspråksutviklinga og førebu barna til den systematiske lese-og skriveopplæringa i grunnskulen
- Drive kulturformidling
- Kommunisere skriftleg og munnleg med foreldre, kollegaer og offentlege samarbeidspartnarar

Innhald / oppbygging

FØRSTE STUDIEÅR
1. semester: Barn, barndom og barnehage (6 sp)
Tema: Oppvekst, utvikling og kommunikasjon
- Den munnlege og skriftlege språkutviklinga hos barn i førskulealder og korleis ein kan stimulere denne utviklinga
- Øving i å halde munnlege innlegg og å skrive sakprega tekstar for vaksne

2. semester: Det leikande og skapande barnet (5 sp)
Tema: Barn og kultur
- Kulturformidling i barnehagen
- Munnlege overleverte tekstar for barn
- Barnelitteratur med vekt på biletbøker

ANDRE STUDIEÅR
4. semester: Barnehage og skule (4 sp)
- Kva språkkompetanse barn må ha for å kunne lære seg skriftspråket
- Dei mest brukte lesemetodane i den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa i grunnskulen
- Abc-bøker

Eit emne kan arbeidast med i fleire semester.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vert organisert med desse hovudaktivitetsformene:
- Undervisning i samla gruppe
- Arbeid i grupper med einfaglege og tverrfaglege tema
- Individuelt studiearbeid
- Nettbaserte læringsaktivitetar

IKT vert nytta som eit hjelpemiddel i kommunikasjonen mellom lærarar og studentar.

Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå eigen plan for praksis.

Arbeidskrav

- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av plan for semesteret/undervisningsplan.
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Oppgåver og skriftleg arbeid knytt til praksis
1. semester:
- Logg knytt til oppstartsperioden/mappetekst (norsk og pedagogikk)
- Tverrfagleg pbl-arbeid i gruppe (norsk, pedagogikk og samfunnsfag)
- skrivedag (norsk og pedagogikk )
- arbeidsmappe: ein gruppetekst om munnlege forteljingar og ein individuell tekst om barnespråk

2. semester:
- ein individuell tekst til arbeidsmappa; tema: barnelitteratur og kulturformidling
- eit skriftleg gruppearbeid om barnelitteratur
- eit munnleg gruppearbeid om tradisjonsberande forteljingar

4. semester:
Tverrfagleg arbeidskrav:
- praksisprosjekt lese-, skrive- og matematikkopplæring (norsk, matematikk og pedagogikk)

Sluttvurdering

1. studieår: Vårsemesteret
FP332 701 Norsk: Mappevurdering: To individuelle tekstar, den eine skal vere på nynorsk og den andre på bokmål.
Vekting: 25%
FP332 703 Norsk: Individuell skriftleg eksamen, trekt målform
Tid: 5 timar
Vekting 50%

2. studieår: Vårsemesteret
FP332 702 Norsk: Munnleg eksamen i gruppe knytt til det tverrfaglege praksisprosjektet lese-, skrive- og matematikkopplæring.
Vekting 25%

Pensum

Førebels pensumlitteratur:
Tema: Barnespråk
Helene Valvatne og Margareth Sandvik: Barn, Språk og kultur. Språkutvikling fram til sjuårsalderen. Cappelen Akademisk Forlag 2002

Tema: Kulturformidling
Ingeborg Mjør: Med Barbie-barnet i Pokemon-alderen: På tide å skapa kulturbarnehagen? 10 s Frå boka: Ingeborg Mjør (red): Kulturbarnehagen , Samlaget 2002

Tema: Munnleg overleverte tekstar for barn
Teoripensum:
Ingeborg Mjør, Tone Birkeland, Gunvor Risa: Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar Cappelen, 2000,Kap.3, s. 53- s. 88

Tekstpensum:
Undervisningskompendium ALU 33/2002:Pensumtekstar i Folkedikting- Eventyr
Undervisningskompendium ALU34/2002: Pensumtekstar i folkedikting: Fabel, segn, legende, Myte

Tema: Barnelitteratur
Teoripensum:
Ingeborg Mjør, Tone Birkeland, Gunvor Risa: Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar Cappelen, 2000.
Harald Nordberg: Når tekst og bilde forteller sammen Frå boka: Nina Goga og Ingeborg Mjør (red): Møte mellom ord og bilde.Ein antologi om biletbøker. 2001, s. 52 – s.74

Agnes-Margrethe Bjorvand: Når barn leser bildebøker. Artikkel i boka : Elise Seip Tønnesen og Agnes- Margrethe Bjorvand (red.): Den andre leseopplæringa, Universitetsforlaget 2002,s.69 – 81

Frøydis Storaas: Den vesle og den store forteljinga. Om Akin Düzakin sin biletkunst. Frå boka: Nina Goga og Ingeborg Mjør (red): Møte mellom ord og bilde.Ein antologi om biletbøker. 2001, s 85 -99

Agnes- Margrethe Bjorvand: Bildebøker for de minste. Når to- bøkene av Tor Åge Bringsværd og Tina Soli. Frå boka: Agnes- Margrethe Bjorvand og Svein Slettan (red): Barneboklesninger. Norsk samtidskunst for barn og unge, Fagbokforlaget2004, s. 121 – 132

Ingeborg Mjør: dramaturgi, plot og personskildring, også slik 5-åringar ser det. Om bildeboka Tvillingbror av Liv Marie Austrem og Akin Düzakin. Frå boka: Agnes- Margrethe Bjorvand og Svein Slettan (red): Barneboklesninger. Norsk samtidskunst for barn og unge, Fagbokforlaget2004, s. 133 – 148

Tone Birkeland og Frøydis Storaas: Den norske biletboka, Cappelen 1993 .s. 83 -136

Agnes-Margrethe Bjorvand: Vurdering av barnelitteratur. Frå boka: Agnes-Margrethe Bjorvand og Else Seip Tønnesen: den andre leseopplæringa 2002, s. 151 - 171

Tekstpensum

Peikebøker:
Ei bok frå serien:
Tor Åge Bringsværd og Tina Soli: Når to går på tur 2002
Når to sier godnatt 2002
Når to skal stå opp 2002
Når to skal besøke bestemor 2003
Når to vil bli kjent med hverandre 2003

Ei bok frå serien:
Olof og Lena Landström: Bø og Bæ i festhumør 1996
Olof og Lena Landström: Bø og Bæ i vinden 1996
Olof og Lena Landström: Bø og Bæ gjer reint 1997
Olof og Lena Landström: Bø og Bæ til sjøs 1997
Olof og Lena Landström: Bø og Bæ i skogen 2000
Olof og Lena Landström: Bø og Bæ blir våte 2000

Biletbøker
Jo Tenfjord og Harald Nordberg: Påskemåne, ønskesol 1986
Jon Fosse og Alf Kåre Berg: Uendeleg seint 1989
Liv Marie Austrem og Akin Düzakin: Tvillingbror 1994
Oddmund Hagen og Akin Düzakin: Over jordet 1998
Svein Nyhus: Pappa! 1998
Hans Sande og Harald Nordberg: Fuglejenta, 2001
Frode Grytten og Birgitta Sondresen:Urmakar Pisani og paradisfuglane, 2003

Ei valfri biletbok (mappetekst)

Rammeplan for barnehagen 2006

Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.