Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / FP332 400 FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I MATEMATIKK  

FP332 400 FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I MATEMATIKK

Kode
FP332 400

Namn
FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I MATEMATIKK

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.

Tid
1. studieår: 3.5 studiepoeng
2. studieår: 6.5 studiepoeng


Mål for emnet

- Å skaffe seg kunnskap og innsikt i matematikkfaget
- Å forstå korleis matematisk forståing vert utvikla, slik at det er mogleg å legge til rette for og vidareutvikle matematisk kompetanse hjå barn.

Innhald / oppbygging

FØRSTE STUDIEÅR
2. semester: Det leikande og skapande mennesket (3.5 sp)
- Språk og matematikk
- Dei fire rekneartane
- Talomgrep og omgrepsstrukturar
- Leik og læring

ANDRE STUDIEÅR
3. semester: Kultur og natur (2 sp)
- Geometri
- Samhandling mellom barn og vaksen i omgrepsutvikling

4. semester: Barnehage og skule (4.5 sp)
- Byrjaropplæring i 1. klasse
- Matematisk kompetanse hjå førskuleborn
- Matematikk i 1. klasse
- Læremiddel i matematikk, 1. klasse
- Tilpassa opplæring
- Posisjonssystemet

Eit emne kan arbeidast med i fleire semester.

Undervisnings- og læringsformer

Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere matematiske emne for barn. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet. Varierte arbeidsformer med mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.

Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå eigen plan for praksis.

Arbeidskrav

- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av plan for semesteret/undervisningsplan.
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Oppgåver og skriftleg arbeid knytt til praksis
4. semester:
Tverrfagleg arbeidskrav:
- praksisprosjekt lese-, skrive- og matematikkopplæring (norsk, matematikk og pedagogikk)

Sluttvurdering

2. studieår, vårsemesteret
FP332 411 Matematikk : Skriftleg individuell eksamen
Tid: 4 timar
Vekting: 75 %

FP332 412 Matematikk: Munnleg eksamen i gruppe knytt til det tverrfaglege praksisprosjektet lese-, skrive- og matematikkopplæring Vekting: 25%

Pensum

Litt om tal og rekning med tal, utdrag frå eit etterutdanningskurs, Øistein Bjørnestad.

Det matematiske barnet, Ida Heiberg Solem Elin Kristi Lie Reikerås, Caspar