Kode
FP332 900
Namn
FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I SAMFUNNSFAG
Studiepoeng
13.00
Kategori
Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
Tid
1. studieår: 1.5 studiepoeng
2. studieår: 2 studiepoeng
3. studieår: 9.5 studiepoeng
Mål for emnet
Gjennom samfunnsfag skal studentane bli i stand til å analysere barns oppvekst i ein samfunnsmessig samanheng. Dei skal kunne ivareta samfunnsfaglege perspektiv i barnehagen og dei skal kvalifisere seg for den profesjonelle yrkesrolla som førskulelærar.
Innhald / oppbygging
FØRSTE STUDIEÅR
1. semester: Barn, barndom og barnehage (1.5 sp)
• Kunnskap om familie og barndom i historisk tid, nåtid og framtidsperspektiv
ANDRE STUDIEÅR
3.semester: Kultur og natur (2 sp)
• Innsikt i den fleirkulturelle barndom, gi studentane verkty til å bevisstgjere seg korleis dei med respekt skal møte barn og foreldre med ulik bakgrunn
• FN sin konvensjon om menneskerettar og barnekonvensjonen
TREDJE STUDIEÅR
5.semester: På veg til yrket (9.5 sp)
• Innsikt i førskulelæraren si profesjonelle rolle i høve til barna sine foreldre, barnehagen sin eigar, samarbeidspartnar utanfor barnehagen og til nærmiljøet
• Kunnskap om aktuelt lovverk, om teieplikt og personvern og om det juridiske grunnlaget for førebyggjande barnevern
• Profesjonelt grunnlag for å kunne arbeide tverretatleg i barnehagen og det første året i skulen
Familie og samfunn:
• Ulike familieformer og ulikskap i barn sine oppvekstvilkår
• Familiepolitikk og velferdsstat
• Kunnskap om barnehagen i det politisk-administrative system
• Reflektert til omgrep som kjønnsskilnader, likestilling og sosial ulikskap
Organisasjon og leiing:
• Kunnskap om organisasjonsteori og organisasjonskultur
• Kompetanse i ulike leiaroppgåver
• Kompetanse til å utvikle lokalt utviklingsarbeid og organisasjonsutvikling i barnehagen
Eitt emne kan arbeidast med i fleire semester.
Undervisnings- og læringsformer
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere samfunnsfaglege emne for barn. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet. Varierte arbeidsformer der mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
Praksis
20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå eigen plan for praksis.
Arbeidskrav
- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av plan for semesteret/undervisningsplan.
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Oppgåver og skriftleg arbeid knytt til praksis
1. semester:
Tverrfagleg arbeidskrav:
- pbl-arbeid i gruppe (norsk, pedagogikk og samfunnsfag)
3. semester:
Tverrfagleg arbeidskrav:
- Barnas Dag og ei arbeidsoppgåve i gruppe (pedagogikk, KRL, samfunnsfag og estetiske fag)
5.semester:
Tverrfagleg arbeidskrav:
- aktiv deltaking i prosjektarbeid m/rapport (samfunnsfag og pedagogikk)
- munnleg framlegg av dagsaktuelt tema (samfunnsfag, pedagogikk og KRL)
- arbeid i gruppe knytt til yrkesetikk (samfunnsfag, KRL og pedagogikk)
- ASF/ALI-samarbeid, tema: Barn i utsette livssituasjonar
Tverrfagleg emne: likestilling/kjønn (samfunnsfag og pedagogikk)
Sluttvurdering
3. studieår: Haustsemesteret
FP332 901 Samfunnsfag: Skriftleg rapport frå tverrfagleg prosjektarbeid i gruppe.
Vekting: 40 %
FP332 902 Samfunnsfag: - Munnleg, individuell eksamen med spørsmål frå tverrfagleg prosjektarbeid og kjernepensum.
Vekting: 60 %
Pensum
Førebels pensumlitteratur:
Larsen,A.K og Slåtten M.V.: En bok om oppvekst -Samfunnsfag for førskolelærere Fagbokforlaget 2002,
Dalland, Olav: Metode og oppgaveskriving for studenter. Universitetsforlaget.
Rønneberg, Kari: Sosiale virkeligheter. Vett&Viten
Kompendium med utvalg av artiklar.
I tillegg til fastlagd pensum, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.