Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / ID3-103 IDRETTSPEDAGOGIKK, IDRETTSPSYKOLOGI, PRAKSIS Desentralisert  

ID3-103 IDRETTSPEDAGOGIKK, IDRETTSPSYKOLOGI, PRAKSIS Desentralisert

Kode
ID3-103

Namn
IDRETTSPEDAGOGIKK, IDRETTSPSYKOLOGI, PRAKSIS Desentralisert

Studiepoeng
10.00

Kategori
obligatorisk emne i Idrett årsstudium, desentralisert

Mål for emnet

- Tileigne seg kunnskap om den fysiske aktivitet sin plass og funksjon i skule og samfunn og den for det enkelte individ.
- Utvikle evne til å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngi undervisning i kroppsøving og idrett ut frå gjeldande læreplan og tilpassa opplæring
- Tileigne seg kunnskap om korleis psykologiske prosessar påverkar våre val i idrett og fysisk aktivitet, og vår idrettslege prestasjonsevne

Innhald / oppbygging

- Idrettspedagogikk:
Kroppsøvingsfaget si historie og utvikling. Kva er pedagogikk, didaktikk og fagdidaktikk. Planlegging i kroppsøving og idrett. Overordna mål, fagmål og undervisningsmål. Lærarrolla i kroppsøvingsfaget-instruktørrolla i idrett. Undervisningsmetodar, arbeidsmåtar og undervisningsprinsipp. Tilpassa opplæring i kroppsøving og idrett. Vurdering og karaktersetting i kroppsøvingsfaget.

- Idrettpsykologi:
Personlegdom og personlegdomsutvikling. Motivasjon. Angst. Gruppepsykologiske prosessar. Spenningsregulering og mental trening.

Arbeidsmappe:
- Fire arbeidsoppgåver gjennom studiet skal samlast i ei arbeidsmappe. Kva arbeidsoppgåve og innleveringsfristar blir spesifisert i semesterplanen.

Arbeidskrav

- Praksisførebuing, praksis og etterarbeid
- Innleveringsoppgåver i emnet

Sluttvurdering

ID3-103 Mappevurdering. Eit innleveringsarbeid av totalt fire skal vurderast. Skulen gjer val av kva arbeid som blir trekt ut.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.