Obligatorisk emne i 1. år bachelor idrett
Tileigne seg kunnskap om den fysiske aktivitets plass og funksjon i skule og samfunn og den tyding det kan ha for det enkelte individ.
Utvikle evne til å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngi undervisning i kroppsøving og idrett ut frå gjeldande læreplan og tilpassa opplæring.
Tileigne seg kunnskap om korleis psykologiske prosessar påverkar våre val i idrett og fysisk aktivitet, og vår idrettslege prestasjonsevne.
Idrettspedagogikk:
Kroppsøvingsfaget si historie og utvikling. Kva er pedagogikk, didaktikk og fagdidaktikk. Planlegging i kroppsøving og idrett. Lærarrolla i kroppsøvingsfaget – instruktørrolla i idrett. Undervisningsmetodar, arbeidsmåtar og undervisningsprinsipp. Tilpassa opplæring i kroppsøving og idrett. Vurdering og karaktersetting i kroppsøvingsfaget.
Idrettspsykologi:
Personlegdom og personlegdomsutvikling. Motivasjon. Angst. Gruppepsykologiske prosessar. Spenningsregulering og mental trening.
Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid
2 veker i vårsemesteret. Grunnskule, vidaregåande skule, leirskule eller folkehøgskule.
Vårsemesteret
ID3-103 Idrettspedagogikk/idrettspsykologi, praksis: Individuell, skriftleg eksamen.
Tid: 4 timar
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.