ID3-211 AKTIVITETSMEDISIN

Kode
ID3-211

Namn
AKTIVITETSMEDISIN

Studiepoeng
10.00

Kategori
obligatorisk emne i 2.bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse.

Tid
vårsemesteret



Mål for emnet

Studentane skal tileigne seg og kunne formidle kunnskap om fysisk aktivitet som helsefremjande og rehabiliterande middel ved vanlege tilstandar og sjukdomar, samt tileigne seg grunnleggjande kunnskap om sjukdomslære og dei store sjukdomskategoriane. Studentane skal og tileigne seg innsikt i forsking som ligg til grunn for val av treningsmetodar, aktivitetstypar og dosering av aktivitet innanfor vanlege lidingar og sjukdomar.

Innhald / oppbygging

Elementær sjukdomslære (som sjukdomsomgrepet, beskriving og klassifikasjon av sjukdomar, ulike typar av diagnosar, sjukdomsetiologi og patogenese m.m.):

- Generelle tilrådingar – friske
- Tilnærming – ”SOAP”-modellen
- Virkning av ulike medikament
- Kosthald hos personar med ulike risikotilstandar
- Tobakk /røykeslutt
- Adferdsendring
- Hjerte/kar sjukdommar
- Overvekt/fedme
- Diabetes
- Kroniske lungesjukdommar
- Muskel/skjelett og reumatiske sjukdommar
- Psykiatri
- Osteoporose

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og kollokviearbeid.

Arbeidskrav

Eitt innleveringsarbeid som må vere godkjende.

Sluttvurdering

Vårsemester
ID 3-211 Munnleg, individuell eksamen.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal vere klar innan 15 september for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret.