Obligatorisk emne i tredje år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse. Helserelatert trening er delt på fysisk aktivitet brukt som førebygging og opptrening, aktivitetslære tilrettelegging, formidling og praksis.
Studentane skal tileigne seg kunnskapar og innsikt i korleis fysisk aktivitet og trening kan brukast som opptrening etter skade og sjukdom. Studentane skal tileigne seg dugleikar og innsikt, samt få erfaringar i eit utval aktivitetar som kan brukast i helsefremjande arbeid. Studentane skal få erfaring som administrator, tilretteleggar og instruktør gjennom praksis.
Fullført 2.år bachelor idrett eller helserelatert utdanning.
Fysisk aktivitet brukt som førebygging og opptrening knytt til hjarte/kar, lunge, reumatologi, osteoporose, nevrologi, ryggmargsskade, smerte med fl.
Øvingsutval og dosert trening i forhold til ulike brukarar.
Aktivitets- og rørslelære, tilrettelegging og formidling (obligatorisk).
Praksis, 14 dagar + punktpraksis (obligatorisk).
Undervisninga vil vere både teoretisk og praktisk. Det vert lagt opp til individuelle arbeid og gruppearbeid i både munnleg og skriftleg form.
Studentane må ha fått godkjent praksis, praksisoppgåver og gjennomført frammøtekravet i obligatorisk undervisning før dei kan framstille seg til eksamen.
Haustsemester:
ID3-305 Praktisk metodisk eksamen – individuell. Studentane får utlevert eksamensoppgåvene som er mogeleg å trekke til den praktiske delen av eksamen ca. ein mnd. før eksamen. På eksamensdagen trekker kandidaten ei av desse oppgåvene ein ½ time før dei skal opp. Under eksamen får studenten ca. 20 min til den praktiske oppgåva og ca.15 min der han blir eksaminert frå pensum
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart og endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15.september og for vårsemesteret 15. februar.
Litteratur: John G. Mæland: ”Helhetlig hjerterehabilitering” Høyskoleforlaget 1995. ISBN 82-7634-018-0